Hopp til innhold

– Du treng ein sterk rygg og eit svakt sinn

KALVÅG (NRK): Britane Kieran (40) og Simon (31) klipper norske sauar slik at du slepp.

Sauklippar

STERK RYGG: Simon Kerr har reist verda rundt for å klippe sau. Han og Kieran McCullough skal innom 40 gardar på ein månad.

Foto: ARTUR DO CARMO / NRK

– For å kunne ha denne jobben må du ha ein sterk rygg, og eit svakt sinn, seier Kieran McCollough og Simon Kerr.

Dei har til saman 41 års erfaring med saueklipping, og er to av mange som kjem til Noreg for å hjelpe norske bønder med å få av saueulla.

Kieran McCullough

HARDT FYSISK YRKE: Mange sauekliipparar slit med såre ryggar og belastningsskadar ved å gjere dei same rørslene dag ut og dag inn.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Begge voks opp i høvesvis Nord-Irland og Skottland og lærte kunsten å klippe sau av faren og bestefaren sin.

Sidan dei var 18 år gamle har dei reist verda rundt for å klippe sau, men legg ikkje skjul på at det er eit tøft yrke med ein rekkje belastningsskadar på kjøpet.

Det å vere saueklippar er eit fysisk hardt yrke som ikkje alle taklar. Men du kan handtere det med whisky og smertestillande, ler dei.

– Ikkje bygde på same måte som oss

Aleksander Frøyen driv gard i naturskjønne omgjevnadar i Kalvåg, og har ein besetning på 150 sauar som alle har behov for å bli klippa to gongar i året.

For oss er det heilt avgjerande å leie inn profesjonelle saueklipparar som både er effektive og som tar omsyn til dyra, seier han.

Tidlegare har han brukt norske klipparar, men dei siste åra har han hatt eit svært godt samarbeid med dei to britiske arbeidskarane.

– Desse folka her er ikkje bygde på same måte som oss. Dei er robuste og toler den fysiske påkjenninga dette yrket har. I tillegg har dei eit tolmod ut av ein anna verd og er snille mot dyra, seier Frøyen.

Alkesander Frøyen

SAUEBONDE: Aleksander Frøyen er fornøgd med saueklipparane han har henta frå Storbritannia.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Utdannar saueklipparar, men blir ikkje brukt

– Det er synd at dei ikkje bruker norske klipparar, seier Helge Olaf Aas.

Han er leiar i ull- og klipperåd i Norsk Sau og Geit (NSG), som utdannar opp mot 100 saueklipparar årleg.

Utfordringa er at dei ikkje får moglegheita til å trene seg gode. Det blir som å ha ein skøytebane utan is.

Han forstår at det freistar å hente inn ein effektiv utanlandsk klippar som gjer arbeidet mykje raskare enn ein norsk klippar, men oppfordrar likevel sauebønder til å ta imot nyutdanna klipparar med opne armar.

Det er berre på den måten ein kan motivere og få dei til å fortsetje, og til slutt bli like gode som dei utanlandske.