Hopp til innhold

Beheldt likevel seks nedleggingstruga klassar

Hovudutval for opplæring har i ettermiddag sagt nei til å kutte vidaregåande skule-linjer innan byggfag og transport- og anlegg, men det blir likvel færre klassar enn i dag.

Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane

LAR SEKS AV 11 NEDLEGGINGSTRUGA KLASSAR LEVE VIDARE: Politikarane i opplæringsutvalet samla på fylkeshuset på Hermansverk onsdag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg håpar først og fremst ungdommen i fylket som søker utdanning er glad for vi gjer det vi gjer, og at dei ser at vi prioriterer ungdommen så sterkt som vi gjer, seier Norvall Nøringset (SV), som er leiar for Hovudtuvalet for opplæring.

160 færre søkjarar til vidaregåande enn i fjor, har gitt fylkespolitikarane ei hard nøtt. I dag måtte Opplæringsutvalet ta stilling til reduksjon i studietilbodet. Til saman 11 klassar rundt om fylket var føreslått kutta frå hausten av.

– Vi har rett og slett for få søkjarar til å kunne fylle opp dei linjene vi hadde tenkt å tilby, sa fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim til NRK tidlegare denne veka.

Utsiktene til kutt innan bygg- og anlegg fekk næringslivet fleire stader til å engasjere seg sterkt for fleire yrkesretta liner.

Stor spenning

I forkant av møtet i dag var mange spente. I Florø frykta byggfagelevane for framtida til si linje.

– Vi har behov for lærlingar og vi treng alle vi kan få her i Florø. Vi har ei stor byggenæring, seier Guro Drægelid.

Guro Drægelid

FRYKTA FOR KARRIEREVALET: Guro Drægelid frå Florø vil bli røyrleggjar, men frykta ho må halde fram med byggfag, dersom mange linjer vart lagde ned.

Foto: Eli eikenæs Vengen / NRK

Ho er snart ferdig med det første året på byggfag som, og skal no velje spesialisering. Målet er å bli røyrleggjar. Men frykta å ende som tømrar eller forskalingssnikkar dersom mange liner blei lagt ned.

Klassar får leve

Men etter møtet onsdag er bygg- og anlegg i Sogndal, Flora og Måløy, date i Eid og transport i Stryn på plass igjen

Norvall Nøringset

HÅPAR UNGDOMMEN NO NYTTAR HØVET: Norvall Nøringset (Sv) er leiar for Hovudtuvalet for opplæring.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg er glad for at vi er i stand til å gjere dette. Hugs på at det er mange næringar som skrik etter ungdom som tar utdanning. No håpar eg at ungdommen tar desse plassane, for her er læreplassar i massevis, seier Nøringset.

Nøringset er glad for at kutta blir lang mindre. Han legg vekt på at ein held seg innanfor det opphavlege budsjettet.

– Det er heilt klart at vi vil få ein del klassar eller grupper med færre elevar enn det vi skulle ynskje på fleire av desse fagområda, men vi har fått ei fullmakt til å gå under minimumsgrensene som vart sett tidlegare, så lenge vi held oss innanfor eige budsjett.