Hopp til innhold

Begge sider er misfornøgde med regjeringa sin nye laksepolitikk

Både dei som kjempar for meir vekst i oppdrettsnæringa, og dei som meiner næringa må bremse opp, er misfornøgde med regjeringa sin oppdrettspolitikk.

Nova Sea på Lovund

NY REGULERING: Regjeringa ved fiskeriminister Per Sandberg har utarbeida eit nytt system for korleis ein skal regulere vekst i laksenæringa i NOrge.

Foto: Nova Sea

– Regjeringa legg opp til at så mykje som ein tredjedel av laksebestanden skal miste livet til lakselus. Det er ikkje berekraftig, seier fagsjef i Norske Lakseelver Erik Sterud.

Tysdag kom det fram at regjeringa har delt Norge inn i eit «laksekart», der ulike regionar får tildelt ulike fargar. Om ein får tildelt raud farge kan ein ikkje ha vekst i lakseoppdrett dei neste to åra. Om ein får gul eller grøn farge, kan ein ha vekst med ei viss avgrensing.

Erik Sterud

FOR LITE STRENGT: Erik Sterud i Norske Lakselever meiner det nye systemet er for lite strengt.

Foto: Norske Lakseelver

Det er spreiinga av lakselus i kvar region som avgjer kva farge regionen får på kartet.

– I utgangspunktet skulle dei raude regionane ha eit kutt i kapasiteten, men det har regjeringa gått vekk ifrå. Det betyr at ein kan halde fram med dagens nivå i regionar der lakselus er svært vanleg, seier Sterud.

Les også: Dette er regjeringa sitt nye trafikklyssystem for laks

Oppdrettskart

SLIK VIL REGJERINGA DELE INN NORSK LAKS: Dette er kartet som syner det nye trafikklyssystemet til regjeringa.

Foto: skjermdump

Laksenæringa føler systemet generaliserer

Medan mange av dei som er kritiske til veksten i oppdrettsnæringa tykkjer regjeringa burde ha avgrensa endå meir, meiner næringa sjølv at politikken er for streng.

– Vi synst dette er gjort på eit for tidleg tidspunkt, og på eit for usikkert grunnlag, seier Hans Inge Algrøy i Sjømat Norge.

Algrøy tykkjer og at inndelinga i regionar er for generell. Dei understrekar at det er store forskjellar på områda som går frå Stadlandet i nord, til Karmøy i sør. Dette er ein av regionane i den nye inndelinga.

– Nokre stader kan det vere eit problem med lus, andre stader er det kanskje ikkje lus i det heile teke. Likevel vil heile området då få raudt lyst. Det er nok ikkje heilt fagleg rett, seier Algrøy.

Han seier at for Vestlandet sin del, betyr det nye systemet at næringa står fast der ein er no.

– Det betyr kort og godt at vi ikkje vil få vekst i oppdrettsnæringa frå Karmøy til Stad dei neste to åra. Vi er ei næring i utvikling. Vi er i ein posisjon der vi kan få vekst, så no gjeld det berre at vi vår lov til å vekse når dette skal verte vurdert på nytt om to år, seier Algrøy.

Per Sandberg

BALANSE: Per Sandberg meiner at ein har funne ein god balanse med det nye systemet.

Foto: Marit Garfjeld / NRK

Fiskeriministeren meiner ein har funne ei balanse

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) meiner på si side at ein har funne ein god balanse med det nye trafikklyssystemet.

– No kan vi tilby oppdrettarane føreseieleg vekst, samstundes som vi tek omsyn til miljøet, seier Sandberg i ei pressemelding.