NRK Meny
Normal

Dei fleste største bedriftene i fylket droppar framleis å bruke nynorsk

Dei fleste av dei 100 største bedriftene i Sogn og Fjordane droppar å bruke nynorsk.

Nei til nynorsk

KVIFOR?: Dei fleste bedriftene i Sogn og Fjordane vel å profilere seg på bokmål. Nokon gjer det av vane, andre har teke eit medvite val.

Foto: Scanpix / Scanpix

Ei samanstilling gjort av NRK viser at eit fåtal, og då stort sett offentleg eigde føretak, brukar nynorsk på heimesidene sine på internett.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø trur enkelte bedriftsleiarar ikkje er trygge på målforma si ovanfor andre.

– Eg trur vel kanskje at ei i nokon marknadar er redd for at nynorsk vert oppfatta som vanskeleg, eller som eit anna språk. Ein er kanskje litt redd for å skilje seg ut, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Treng nynorsk tekst rundt oss

Berre eit fåtal av dei største bedriftene her i fylket brukar nynorsk når dei kommuniserer med omverda.

NRK har sett på heimesidene til dei 100 største verksemdene i Sogn og Fjordane målt i omsetnad og tal tilsette.

Marit Aakre Tennø

VIL HA MEIR: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, vil ha fleire bedrifter til å nytte nynorsk.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Med nokre unntak som til dømes Lerum, Aasen og Øvrelid og Hotel Alexandra er det få private verksemder som brukar nynorsk. Det meiner Mållaget er eit problem.

– Vi som nynorskbrukarar er heilt avhengige av at det blir produsert nynorsk tekst og at vi ser nynorsk tekst rundt oss, seier Tennø.

Har tradisjon for bokmål

Ei av verksemdene som brukar bokmål er etikettprodusenten Avery Dennison NTP i Luster, marknadssjef Dag Haarvik seier dei alltid har gjort det.

– Vi har eksistert i 25 år, og vi dreg med oss ein historikk. Vi har alltid brukt bokmål, og det er heilt greitt slik det har vore, seier Haarvik.

Haarvik er open for å gå over til nynorsk, men seier det er eit spørsmål om kostnadar.

I Stryn brukar også takstolprodusenten Pretre bokmål på heimesida si. Dagleg leiar Eivind Hopland seier dei av og til sjølve diskuterer kvifor.

– Det er eit godt spørsmål. Eg personleg brukar stort sett nynorsk, men eg ser at eg knotar periodevis. Korkje eg eller dei andre i Pretre har presise formuleringar når det gjeld og bruke nynorsk eller bokmål, seier Hopland.

Vil vurdere å skifte

Hopland seier likevel dei kan kome til å byte til nynorsk i framtida.

– Eg trur det er rett av oss å sjå på dette framover, og diskutere om vi skal bruke nynorsk meir. Personleg er det det eg tykkjer er finast, seier Hopland.

Kulturminister Thorhild Widvey var i fylket i går, ho meiner det viktigaste ein kan gjere for nynorsk er å styrke opplæringa blant born og unge.

– Men eg meiner det må vere opp til den einskilde bedrifta kva språkform ein ønskjer å bruke, seier Widvey.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.