Sjå bilete av bilen og myntane
Foto: Vegar Erstad, NRK
Politiet rykte ut i natt etter å ha fått melding om eit trafikkuhell på Eikås i Jølster. Ein personbil hadde krasja rett inn i eit vedskjul, og politiet frykta personskade. Samanstøyten var så kraftig at vedskjulet no ligg på halv åtte med bilen inni.
Speleautomatsvindel
Men ingen vart skadde i ulukka. Det politiet derimot fann, var store mengder myntar med arabisk påskrift. Dei Syriske myntane er av same storleik som norske 20-kroningar, og er den siste tida brukt til å svindle ei rekkje speleautomatar.
Varetekt
I tillegg til dei to som var i bilen, hadde også ytterlegare to kome til for å hjelpe. Alle fire enda opp i politiet si varetekt sikta for bedrageri.