Beate sette to verdsrekordar – og fekk møte Arnold

– Han tok meg på skuldra. No er eg ganske «starstruck», ler Beate Kårstad Støfring. I helga møtte ho sjølvaste Arnold Schwarzenegger etter å sett nye verdsrekordar.

Beate Kårstad Støfring møtte Arnold

KJENDISTREFF: Beate Kårstad Støfring (nede til venstre) seier ho er «starstrucked» etter møtet med Arnold Schwarzenegger.

Foto: Privat

Dette skjedde under Arnold Sports Festival som blei arrangert i Melbourne helga.

– Det er ein multisportfestival i ein svær hall med mange stasjonar. Her er det mellom anna konkurransar innan kroppsbygging, poledance, styrkeløft, MMA og kettlebell, fortel Støfring.

Sidan det er Schwarzenegger som står bak arrangementet, tok han turen innom alle stasjonane.

– Det var masse vakter og kamera. Han verka interessert i sporten eg driv med, og vi forklarte kva konkurransane våre gjekk ut på. Det heile var fort gjort. Han var der kanskje halvannan minutt, men det var veldig kult.

Schwarzenegger blei først kjend som kroppsbyggar før han gjekk over til filmen. Han har spelt i filmar som Terminator og Total Recall, og han har også vore guvernør i California. No har han blitt 70 år.

– Han har det framleis, sjølv om han byrjar å bli litt gamal, ler ho.

Beate Kårstad Støfring og Sergey Rachinskiy

TRENAREN: Sergey Rachinskiy frå Russland er trenaren som hjelper Beate Kårstad Støfring.

Foto: Privat

To verdsrekordar

Jølstringen som bur og studerer på Gold Coast til vanleg, hadde reist til Melbourne for å konkurrere i helga. Og det enda svært bra.

Å løfte 40 kilo ein gong over hovudet kan vere tungt nok for mange oss. Beate Kårstad Støfring frå Jølster gjorde det 10 minutt i strekk – i to forskjellige øvingar under triatlon.

Den prestasjonen ho gjorde har ingen kvinner gjort tidlegare. Dermed blei det to nye verdsrekordar.

– Eg har aldri vore med på triatlon tidlegare. Det er tre forskjellige øvingar. I Long cycle som er mi greie, klarte eg 99 repetisjonar med 2 X 20 kilo i ti minutt. Målet var 100, men eg er glad likevel.

I anna øving klarte ho 130 repetisjonar med same kuler, også det er ny rekord.

– I den siste øvinga, der ei kule blir svinga mellom beina og over hovudet, klarte eg 121. Det er ikkje veldig imponerande, men alt i alt er eg nøgd.

Flyttar snart heim

Etter denne prestasjonen er ho klar for feiring med god mat og drikke. Meir løfting blir det ikkje dei næraste dagane.

– Eg er veldig støl, og det blir berre verre og verre, ler ho.

No er neste mål VM i kettlebell i Italia. Til hausten flyttar ho tilbake til Sunnfjord, for ho er snart ferdig med studiet innan Sports management.

– No skal eg lese til eksamen og trene mot neste konkurranse.