Hopp til innhold

Beate og Mona klinka til med sølv og bronse i kettlebell-VM

Dei russiske veteranane i kettlebell var over seg av begeistring for prestasjonen til råskinnet Beate Støfring under VM i kettlebell. Med 63 repetisjonar var ho berre ein repetisjon frå å ta VM-gull.

Beate Støfring og Mona Brede Aase

SØLV OG BRONSE: Beate Støfring og lagvenninna Mona Brede Aase fekk sølv og bronse i proffklassen i det som blir kalla long cycle med 2x24 kilo.

Foto: Privat

– Etter konkurransen har eg sikkert teke bilete saman med hundrevis av russarar, flirer Støfring frå Jølster.

Ho er ei av tre sunnfjordjenter som denne helga har konkurrert på VM i kettlebell i Seoul i Sør-Korea. Og for Støfring vart det nesten full klaff.

24-åringen løfta i proffklassen der dei pressar to kettlebells på 24 kilo over hovudet. I løpet av dei ti minuttane konkurransen varte klarte ho å gjere dette 63 gonger.

Det er ein gong mindre enn eigen personlege rekord, noko som vart akkurat ein repetisjon for lite til å ta gullet. Amerikanske Kimberly Fox vart nemleg verdsmeister på 64 repetisjonar. Støfring var lettare enn Fox i kroppsvekt, og kunne teke gullet om ho hadde fått opp ein til repetisjon.

Kettlebell-sporten kjem opphavleg frå Russland, og dei eldre veteranane let seg imponere av dei norske jentene.

– Eg er utruleg godt fornøgd. Det er veldig strenge dommarar her, så eg måtte vere veldig fokusert på teknikk, seier Støfring.

Kunne ikkje slurve ein einaste repetisjon

Kettlebell er ein krevjande idrett, som krev både styrke og uthald. Og ikkje minst sterk psyke for å klare ti minuttar med smerte.

Støfring har drive med kettlebells i tre år og hadde før VM i Korea mål om å sette ny verdsrekord. For å klare det måtte ho ha klart 67 repetisjonar. I dag stogga det på 63.

– Det er forskjellige ting som spelar inn på konkurransen i dag. Eg bur til vanleg i Australia og er van med å trene på morgonane, medan vi no løfta på kvelden. I tillegg var det veldig strenge dommarar. Så eg er veldig fornøgd. Eg måtte ha gode repetisjonar og god teknikk, og fekk ingen underkjente repetisjonar, seier Støfring.

Mona Brede Aase, Beate Støfring og Trine Ryland

GLADE SUNNFJORDJENTER: Mona Brede Aase, Beate Støfring og Trine Ryland er svært godt nøgde med innsatsen sin under VM i Seoul.

Foto: Privat

Bronse til Førde-jente

I tillegg til Støfring løfta også Mona Brede Aase i proffklassen 2x24 kilo long cycle (ti minutt konkurransetid). Ho klarte 52 repetisjonar, som var ny personleg rekord. Støfring er trenaren til venninna og er imponert.

– Det var ein veldig sterk prestasjon. Dei andre damene låg på rundt 30 og 40 repetisjonar, så ho dominerte enkelt.

Trine Ryland løfta i amatørklassen med 2x16 kilo long cycle. Ho fekk ein sjuandeplass med 72 repetisjonar. Det gjekk ikkje heilt etter planen, men likevel:

– Eg som trenaren hennar er veldig godt nøgd. Ho har ein personleg rekord på 72, og med såpass sterkt nivå i klassen var det veldig bra, seier Støfring.

– No skal vi ta ei øl og feire at vi er ferdige.