NRK Meny
Normal

Beat taper millionar på musikkstrøyming

Musikkstrøymetenesta Beat frå Gulen har tapt nærare 30 millionar kroner sidan oppstarten i 2010.

Njål og Linn Dyveke Wilberg

HAR TRUA: Trass underskot kvart einaste år sidan oppstarten, har dagleg leiar Njål Wilberg og Linn Dyveke Wilberg i Beat trua på at det snart vil snu.

Foto: Pressefoto

Selskapet er den einaste norskeigde musikkstrøymetenesta i bransjen, men dei taper pengar kvart år.

Dagleg leiar i Beat, Njål Wilberg er overraska over at det har tatt så lang tid å etablere seg.

– Vi var klar over at det i ein periode ville bli investert meir enn det som kjem tilbake. Men vi hadde vel ikkje forventa at den perioden skulle bli så lang, seier han.

Har framleis trua

Beat lanserte appen sin eigen app i 2010 og har 10 000 brukarar i Norge, 20 000 i utlandet. Sidan oppstarten har dei tapt nesten 30 millionar kroner. Fjoråret viste eit underskot på 3 millionar.

– Når du startar ei ny verksemd går det ein periode som blir kalla «blodbadet», der pengane går fortare ut enn inn. Det er den perioden vi har vore gjennom no, seier Wilberg.

Han seier vendepunktet kom for eit år sidan. Grunnen til det er auka inntening, lågare kostnader og mindre tekniske investeringar enn tidlegare år.

– Eg har ikkje vore nervøs på godt og vel eit år no. Eg har vore klar over kor vi skal lenge og visst at det kom til å skje.

Kortreist musikk

Eirik Solheim

TØFT: Teknologirådgjevar i NRK, Erik Solheim, meiner nøkkelen for å lykkast i ein tøff bransje er å skilje seg ut.

Foto: Svein Aronsen / NRK

Teknologirådgjevar i NRK, Erik Solheim, seier Beat valde seg ein tøff bransje å etablera seg i. Nøkkelen for å lykkast er å skilje seg ut.

– Det er mykje vanskelegare når du går inn i ein marknad som allereie har store aktørar. I musikkmarknaden er nokre av aktørane blant verdas største og rikaste selskap, seier han.

Beat lanserte nyleg si største oppdatering til no, ei oppdatering som gjev folk tilgang på musikkmeldingar og radio.

Linn Dyveke Wilberg, pressesjef Utkant

KORTREIST MUSIKK: Beat-gründer, Linn Dyveke Wilberg, seier satsinga på nordmenn gjer dei unike i marknaden

Foto: Gøril Sætre / NRK

Beat-gründer, Linn Dyveke Wilberg, seier satsinga på nordmenn gjer dei unike i marknaden og håper dei no skal byrje å tene pengar.

– Vi er dei einaste som har norske brukarar som hovudfokus når vi plukkar ut musikk og byggjer spelelister. Her har vi til og med kortreist musikk frå Sogn og Fjordane, seier ho.