Hopp til innhold

Båttjuveri og innbrot

Ein 25 fots lystbåt vart i morgontimane stolen frå Ålesund. Sunnmøre politidistrikt bad om hjelp frå Sogn og Fjordane, og båten vart funnen att i Borgundvåg i Selje. Den som meldte om funnet hadde også hatt innbrot i sin båt. Truleg er fleire båtar i same havn også besøkt, skriv politiet. Gjerningsmannen vart sett forlate staden, og observert av publikum til politiet klarte å pågripe han. Mannen i midten av 30-åra blir overlevert til Sunnmøre politidistrikt.