Hopp til innhold

Båttjuveri i Vik

Båttjuvar herjar i Vik for tida. Frå slutten av forrige veke og fram til laurdag morgon er to båtar vekke frå båthamna.

Ein av båtane som vart stolne i Vik
Foto: Frode Fridell

Frode Fridell er ein av dei som er fråstolen båt. Han er oppgitt over det tjuvane har gjort.

 

- Trudde Vik var tryggaste plassen

- Det er heilt bak mål. Eg trudde at å ha båten liggande i Vik var den tryggasete plassen i verda.

Båten til Fridell, Ein Vernøy 430 SL, er truleg stolen i løpet av natt til fredag. I tillegg er altså endå ein båt vekke frå båthamna. Den er truleg stolen ein gong mellom fredag og laurdag morgon. For Fridell som kjøpte båten for få månader sidan, er det bittert at den no er vekke.

Politiet ynskjer tips

- Eg kjøpte båten i juni, og det er ein type eg likar svært godt. Eg har brukt han mykje til fiske og vassport. Får eg han ikkje att kjem eg til å kjøpe ein båt av same typen.

Politiet ynskjer no tips frå publikum. Fridell håpar tjuvane blir tekne etter dei frekke tjuveriraida.

 - Det er heilt håplaust. Eg håpar politiet tek tak i saka ogsporar opp båtane.