Fleire innringarar fortel til NRK at dei har venta i lengre tid på at ferja skal få lagt frå kai. Årsaka skal vera at ein ladeplugg hang seg fast. Like før klokka 17.30 fekk dei løyst problemet og ferja er no tilbake i normal drift.
Batteriferja hang fast i ladestasjonen
MF «Gloppefjord» kom seg ikkje frå kai på Lote-sida av ferjesambandet Anda-Lote på E39 onsdag ettermiddag, etter at ein ladeplugg hang seg fast.