Hopp til innhold

Frigjev namn på omkomen i båtforlis

Det var 34 år gamle Asbjørn Langlo frå Sandane som natt til søndag vart funnen omkomen etter båtforliset på Gloppefjorden.

Blomar ved ulukkesstaden ved Gloppefjorden

LYS OG BLOMAR: Politiet har gått ut med namnet til mannen som omkom på Gloppefjorden ved Devik i Gloppen.

Foto: Inger Haldis Aske Lothe / Firda Tidend

Langlo vart meld sakna etter at fiskebåten han var om bord i, ein Arvor 215 AS/2011-modell, gjekk ned ved Devik laurdag kveld .

Namnet blir frigjeve i samråd med familie til avdøde, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Saka blir etterforska ved Gloppen lensmannskontor som ei sjøfartsulukke. I alt fire menn var om bord då ulukka skjedde.

– Veldig grov sjø

Nils Ove Roset, politioverbetjent i Gloppen.

GROV SJØ: Politioverbetjent Nils Ove Roset seier at dei har hatt ein førstehandssamtale med dei overlevande, men at dei i dag vil halde fram jobben med å få oversikt over hendinga.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Politioverbetjent Nils Ove Roset i Gloppen seier at dei fire var på veg tilbake til Sandane etter ein fisketur i Hyefjorden. Då dei runda Hestenesøyra og skulle inn Gloppefjorden vart dei råka av veldig grov sjø.

Båten gjekk ned kring 150 meter frå land.

– Det kom vatn inn i båten både framme og bakfrå. Motoren stoppa då båten blei fylt av vatn, og dei hadde ikkje anna å gjere enn å hoppe på fjorden og prøve å komme seg i land.

Ifølgje Roset hadde ikkje dei fire om bord redningsvest på seg.

Utskrivne frå sjukehus

Ein større redningsaksjon vart sett i gang i den 12 kilometer lange fjorden. Det vart søkt over eit stort område frå lufta, på fjorden og land.

Redningsaksjon på Gloppefjorden

STOR AKTIVITET: Fleire helikopter, båtar og frivillige deltok i søket utover natta.

Foto: Steinar Lote / NRK

Like før klokka 02 søndag fann ein miniubåt den fjerde og siste personen ikkje så langt frå området der båten kantra.

Dei tre som berga seg på land vart sendt til sjukehuset på Nordfjordeid. To menn i 30-åra vart lagt inn med lettare fysiske skader. Begge vart utskrivne søndag.

Det er ikkje mistanke om promille.

– Vi har avhøyrt dei tre som kom i land og fått vite kor fortvila situasjonen var. Det er sjølvsagt medtekne og prega av at dei har mista ein kamerat, seier Roset.

Båten ligg på botn i fjorden, men ingen veit eksakt kvar den ligg. Det blir ikkje gjort nokon forsøk på å finne og eventuelt heve båten.

– Slik saka står no, blir det ikkje gjort forsøk på det, seier Roset.

– Lokalsamfunnet er prega

Leidulf Gloppestad

PREGA: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, seier lokalsamfunnet er prega etter båtforliset på Gloppefjorden i går.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ordførar Leidulf Gloppestad seier ulukka pregar lokalsamfunnet.

– Det er ein liten stad og ei stor tragedie for dei involverte, seier han.

– Mange fekk med seg apparatet som var i sving og aktiviteten på fjorden, men det er dei pårørande som har fullt fokus, sa han søndag.

Kommunen sette krisestab med det same dei vart varsla om ulukka laurdag kveld.

Devik