Hopp til innhold

Båtførar bad om hjelp

Føraren av ein 22 fots fritidsbåt bad i ettermiddag om assistanse etter at han fekk motorstopp sør av Reksta utanfor Florø. Det bles kraftig nordleg vind i området, og båten dreiv mot sør. Etter kort tid kunne mannen til alt hell melde om at han hadde fått start på motoren, og at han truleg ikkje hadde behov for hjelp likevel. Hovudredningssentralen held kontakten med mannen.