Altfor få gjestehamner og lang avstand mellom drivstoffpumpene gjer at privatbåteigarar let vere å leggje turen inn verdas lengste fastlandsfjord.
Flåten marknadsfører Sogn med dei mange attraksjonar regionen kan by på, og på nettstaden til Visit Sognefjord kan ein lett manøvrere seg fram til informasjon om brear, stavkyrkjer, museum, fossar og nasjonalparkar. Men noko reklame for den spektakulære turen det er å reise med eigen båt innover den lange fjorden, finst ikkje.
Kommunalt ansvar
– Dersom tilhøva blir lagt betre tilrette for småbåtfolket vil vi oppnå både at vi får meir trafikk inn fjorden og at båtfolket i fjorden ville bruke gjestehamnane til dagsutfluktar, trur Flåten. Han meiner dette er eit ansvar som ligg til dei einskilde kommunane, men at også turistnæringa bør satse meir på å auke båttrafikken.
– Verdas flottaste fjord
Også båteigar og aktiv seglar Einar Skram Husabø har merka seg at Sognefjorden har mykje å gå på når det gjeld å ta godt vare på båtfolket. Husabø meiner rett nok det finst hamner nok for dagens privatbåttrafikk, men trur langt fleire ville sett kursen innover fjorden dersom fasilitetane var betre.
– Det er jo verdas flottaste fjord, og viss ein vil auke trafikken må ein legge tilhøva betre tilrette, seier Husabø.