Hopp til innhold

Båteigaren er funnen

Mannen som melde seg til politiet tidlegare i dag viste seg å vere eigaren av den drivande båten som vart funnen på Movatnet ved Førde i føremiddag. Politiet etterlyste eigaren på twitter og starta ein redningsaksjon i vatnet, men søket er no avslutta.