Hopp til innhold

Båtbrann i Bremanger

Ved tretida i natt fekk politiet melding om brann i ein kring 30 fot stor båt i Bremanger.
Ingen personar er skadde i samband med brannen, men båten har sokke ved kai, opplyser Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø. Naudetatane har vore på staden. Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsak til brannen.