Hopp til innhold

Båt sokk i Vågsøy

To personar vart berga frå ein båt som sokk like sør for Måløy, skriv Firda. Politiet seier at ein tysk seglbåt kom til og redda dei to. Båten sokk, og ligg på 95 meters djupne, seier Per Algrøy i Vest politidistrikt. Dei to personane skal vere uskadde. Det er oppretta sak på hendinga.