Turistane la ut frå Kolgrov i Solund på fisketur søndag morgon i ein tjue fots open båt. Men i to-tida byrja båten å ta inn vatn og sokk. Fyrst klokka 23 vart det slege alarm, og rundt midnatt vart dei funne, seier politiførstebetjent Bjarte Engevik.
Åtte timar i sur vind
Dei fire vaksne karane greidde å symje i land på holmen ved Legøy fyr ytst i Solund kommune. På den vesle holmen sat dei fire våte karane i åtte timar i nordleg liten kuling.
På grunn av dårleg mobildekning vart det først slege alarm klokka elleve på kvelden.
Funne etter ein time
Det var sterk straum i området, difor vart situasjonen teken veldig alvorleg, og to helikopter vart varlsa. Også redningskøyta Utvær gjekk ut frå sin base i Solund. Vel ein time seinare vart dei tyske turistane funne friske og raske, men kalde, seier hytteeigar Frode Kalgraf.