NRK Meny
Normal

Båt med sju personar tok inn vatn

Ein fritidsbåt med sju personar byrja i 18-tida å ta inn vatn kring 3,5 kilometer frå land utanfor Kråkenes i Vågsøy.

Fritidsbåt tok inn vatn utanfor Kråkenes

TOK INN VATN: Ein fritidsbåt får hjelp til land etter at den byrja å ta inn vatn utanfor Vågsøy.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

Båten får no hjelp til land frå Redningsskøyta Halfdan Grieg. Både redningsskøyta i Måløy og eit redningshelikopter rykte ut.

– Det var 30–40 centimeter vatn i maskinrommet. Det gjekk fort å tømme båten då vi fekk pumpa ned, seier skipsførar Håkon Hansen om bord på redningsskøyta.

Halfdan Grieg var framme på staden kring 20 minuttar etter at dei fekk meldinga. Om bord var sju personar, tre born og fire vaksne. Hansen seier situasjonen gjekk roleg føre seg.

Hovudredningssentralen på Sola fekk melding om hendinga klokka 1815.

– Dei har tydelegvis hatt ei lensepumpe om bord. Denne har vore nok til å halde situasjonen i sjakk. No får dei ei ekstra pumpe frå redningsskøyta, opplyste Johan Mannsåker ved HRS.

Laster kart, vennligst vent...

FÅR HJELP: Fritidsbåten byrja å ta inn vatn kring 3,5 kilometer utanfor Kråkenes.