Hopp til innhold

Båt med fire ombord kantra - ingen hadde redningsvest

Fire unge menn hamna i sjøen ved Årebrot då båten dei sat i kantra under urinering. Til alt hell klarte dei å symje til ein stake og halde seg der til redningsmannskap kom til staden.

Årebrot

– Ein person ringde i 23.30-tida og sa at båten dei fire var ombord i, hadde kantra. Det var fire unge menn ombord, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Sogn og Fjordane, Olaug Holme.

Dei fire var på veg i ein 14 fots Rana frå Florø til Kalvåg då båten kvelva på grunn av at ein av dei gjorde sitt fornødne.

– Dette skjedde i skipsleia ved Årebrot, opplyser Holme.

Sumde bort til ein stake

Hovudredningssentralen på Sola vart varsla, og redningshelikopter og luftambulanse vart kalla ut.

– Ambulansen vart med ein båt frå Florø, samt at politiet drog ut, seier Holme.

Då redningsmannskap kom fram til staden, hadde båten nesten gått ned.
Men til alt hell hadde dei fire personane ombord lagt på sym.

– Dei hadde sumt bort til ein stake i nærleiken der dei vart funne. Dei var våte og kalde, men elles i fin form. Dei vart tekne med til lege for sjekk, seier Holme.

Oppmodar folk om å bruke redningsvest

Ingen av dei fire hadde redningsvest på seg, og Holme nyttar sjansen til å presisere at folk som ferdast på sjøen bør nytte redningsvest.

– Vi vil sterkt oppmode om at folk nyttar dette når dei er på sjøen, seier Holme.

Det er ikkje mistanke om promille i samband med uhellet.