Hopp til innhold

Vatnet stod halvanna meter opp i båten då redninga tok til

Båten Fjord Visjon, kjend frå fleire TV-program, ligg til kai med slagside. Brannvesenet har to pumper i gang for å halde båten flytande.

Fjord Visjon med slagside

TIL KAI: Fjord Visjon lek diesel ved kai i Fardal.

Foto: Christian Blom / NRK

– Mannskap på staden seier at dei har pumpa 30 kubikk i timen i tre timar. Vatnet skal ha stått til midt oppå motorane i båten då brannvesenet kom til, seier vakthavande ved 110-sentralen, Jan Gunnar Holvik.

Brannmannskap på staden seier at vatnet stod halvannan meter høgt i båten då pumpinga starta.

Er usikre på om båten lek diesel

Det var like etter klokka 16 det vart oppdaga at båten Fjord Visjon, kjent frå fleire TV-program, låg med slagside til kai i Fardal mellom Leikanger og Sogndal.

Det kan vere lekkasje frå båten, og det er difor lagt ut lenser.

– Vi veit ikkje om det lek frå båten, eller om dette er olje og diesel som kjem ut med vatnet som går inn og ut av båten. Det er uansett lagt ut lenser for å hindre at eit eventuelt utslepp skal gjere skade, seier Holvik.

Pumpar 30 kubikk i timen

GJER JOBBEN: To store pumper er i full gang for å halde båten flytande.

Foto: Christian Blom / NRK

Var ikkje folk om bord

Båten låg til kai då lekkasjen vart oppdaga, og det skal ikkje ha vore folk om bord.

Båten er eigd av Mads Bækkelund. Han er på reise og ønskjer ikkje å kommentere hendinga før han har fått sett seg inn i kva som har skjedd.

Har kontroll på situasjonen

– Mannskap på staden seier at dei har kontroll og at ikkje båten kjem til å søkkje, seier Holvik.

Totalt er mellom ti og 15 brannfolk frå Sogn brann og redning på staden, i tillegg til mannskap frå politiet.

– Kystverket er også varsla om hendinga, seier Holvik

Fardal