Båt mista motorkraft

Ein seglbåt mista motorkrafta og dreiv mot land ved Ytre Sula i Solund. Ved hjelp frå ambulansebåten unngjekk båten å gå på land.

– Båten fekk problem og trengde assistanse for å ta seg vidare. Han fekk raskt hjelp av ambulansebåten som gjorde at seglbåten unngjekk å gå på grunn, seier Lars Røyne ved Hovudredningssentralen på Sola.

Klokka 14.34 melde politiet at seglbåten var lagt til kai.

Det var ein mann om bord og det er ikkje meldt om personskade. Det er ein del vind i området.

HRS fekk melding om motorhavariet klokka 13.47.