Hopp til innhold

Her vart lastebåten ståande etter å ha gått på grunn

Ein lastebåt har gått på grunn vest av Botnane i Bremanger. Det er ni personar ombord i båten.

Lastebåten Falkland grunnstøytte i Frøysjøen

PÅ GRUNN: Lastebåten Falkland har grunnstøytt i Frøysjøen, rett utanfor Botnane. Fiskebåten Nybø ligg ved sidan av, saman med dei mindre båtane Solundøy og Storholmen.

Foto: Kjell Aga Ulvestad

Prøver å trekkje lastebåten av grunn

PÅ PLASS: Redningsskøyta jobbar med å få lastebåten av grunn.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg
Her ligg lastebåten på grunn

BOM FAST: Her ligg lastebåten på grunn.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

– Vi har sendt om bord ein slepar, og ligg no og held han på plass. Vi ventar berre på ordre om kva som skal skje. Vi er klare til å slepe han av grunn, seier styrmann Tommy Gjerland om bord på redningsskøyta Halfdan Grieg.

– Korleis vurderer du situasjonen?

– Dette er heilt rutinemessig og greitt. Det er relativt bra verforhold, og vi har full kontroll på situasjonen, seier Gjerland.

Det er lasteskipet «Falkland» som har gått på grunn på Olaskjeret vest av Botnane i Bremanger. Båten er lasta med kalkstein.

Eit augevitne fortel til NRK at skipet står godt oppe på eit skjer, men at eit anna skip ligg tett opptil havaristen.

Det er ni personar ombord, men alle desse skal vere utanfor fare. Det skal heller ikkje ha komme vatn inn i skipet. Det er flo sjø klokka 14:00.

– Det hadde vore ønskeleg å slepe båten av på flo sjø. Men rederiet må først gjere ei vurdering om vi skal trekkje han av, eller om det skal folk om bord og inspisere, seier styrmannen om bord på Halfdan Grieg.

– Det er litt bevegelse i båten, men den floa som kjem no, kjem om ein halvtimes tid. Neste flo er i natt, og den er litt mindre enn no. Så for vår del er det beste å trekkje båten av no, seier Gjerland.

Redningsleiar Eirik Valle ved hovudredningssentralen på Sola meiner båten skal vere utanfor fare.

– Det største problemet er at det er mykje tung sjø, så det vil vere lurt å få skipet av grunn så fort som mogleg, slik at det ikkje blir ståande og slå med fare for at det kan gå hol i skroget.

Lasteskipet «Falkland» er 88 meter langt og siglar under maltesisk flagg.

Skip på grunn i Botnane

PÅ SKJER: Hovudredningssentralen er varsla.

Foto: Tipsar