Hopp til innhold

Båt brann opp på Bryggja

Ingen personar kom til skade då ein 22 fot stor plastbåt brann opp i båthamna på Bryggja søndag morgon.

Båtbrann på Bryggja
Foto: Kirsten Lillebø

Brannen vart oppdaga av tilfeldig forbipasserande, og meldt til politiet klokka 09.37.

Det var ikkje folk ombord i båten, men den hadde vore i bruk nokre timar tidlegare. Førebels er det uvisst kva som er grunnen til at det byrja å brenne.

For å unngå skade på dei andre båtane i hamna, vart den brennande båten slepa ut på sjøen, der brannvesenet raskt fekk sløkt brannen.

Båtbrann på Bryggja.
Foto: Bjarne Eldevik