NRK Meny
Normal

Baseutviding vekkjer nye reaksjonar

Miljøparti-politikar fryktar ei naturperle vil bli ofra til inga nytte, når Fjord Base no går for utviding i nedgangstider. – Vi må bli meir konkurransedyktige, svarer leiinga ved forsyningsbasen.

Fjord Base byggjetrinn 1 teikning

UTVIDING: Slik ser Saga Fjord Base føre seg byggjetrinn 1. Til høgre i biletet ser vi vestenden på dagens base.

Foto: IVEST CONSULT

– Eg ser på det som overraskande når ein ser på oljeprisane og kva som elles skjer i næringa. Eg ville heller sett at INC satsa på noko nytt, slik at vi går inn i framtida med nye næringar som er berekraftige, seier Martin Igland Malkenes.

Martin Igland Malkenes

REAGERER: Miljøpartiet-politikarar Martin Igland Malkenes meiner nedgangstidene i oljebransjen ikkje talar for ei baseutviding.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Den nyvalde bystyrerepresentanten for MDG i Flora hadde, som mange andre av motstandarane mot utvidinga av oljeforsyningsbasen på Botnaneset, nærast slått seg til ro med at oljekrisa hadde sett ei utviding på vent.

Har vore stille i snart to år

Snart to år har gått sidan striden stod. Basen ønskte utviding både austover, og ikkje minst vestover på i dag naturskjønne holmar like nord for sentrum. Trass høglydte protestar vart utvidinga i januar i fjor velsigna med 23 mot 22 røyster i bystyret. Sidan har det vore stille, mens pilene i oljenæringa har peika nedover.

Men det var heilt til laurdagsavisene dumpa ned i postkassa.

Firda og Firdaposten kunne sist laurdag fortelje at utvidinga av Fjord Base går sin gang. Alt til påske vil INC Gruppen starte arbeidet med å bygge bru ut til to holmar i Florøskjergarden starte. Det skal knyte Perholmen og Gaddeholmen til resten av basen, og på sikt gi 150.000 nye kvadratmeter lagringsplass til røyr.

– Eg vart kontakta ni sekund etter at dette kom ut i avisa. Folk leiter overalt for å finne måtar å få forhindra at dette skjer. I mitt parti har vi ikkje tatt noko konkret stilling til kva vi skal gjere, men eg veit det er mange som er veldig engasjerte, seier Malkenes som ikkje ser bort frå forsøk på omkamp.

I dag

FJORD BASE I DAG: Oljeforsyningsbasen på Botnaneset sett vestover mot Florø sentrum (t.v.) og austover i retning Brandsøy (t.h.).

Overraska

I INC-gruppen som står bak forsyningsbasen, tek leiinga reaksjonane med stor ro.

– Vi steller oss til dei lovlege vedtaka som er gjort både i fylke og kommune. Eg er overraska over at ein startar ein omkamp på dette. Florø treng desse arbeidsplassane, og basen treng å vere effektiv for å i det heile tatt kunne vere ein base i framtida, seier konserndirektør Geir Johannessen i INC gruppen til NRK.

Han strekar under at sjølve utbygginga enno ikkje er vedteken, men at ein til våren startar arbeidet med å bygge bru som skal knyte Perholmen og Gaddeholmen til resten av basen.

– Dumpinga av stein har alt byrja, legg Johannessen til.

Han meiner utviding av basen i vest er tvingande nødvendig.

– For det første kan det trygge basen. Det er det viktigaste for oss, Vi har i dag eit effektivitetsproblem. Basen er i dag for langstrakt. Vi vil freiste å fortette basen for å gjere den meir effektiv med konkurransedyktige prisar. Derfor ønskjer vi å bygge ut basen i vest, der heile røyrstasjonen vår ligg.

Tøff konkurranse

Det er inga feststemning i oljenæringa om dagen. Men Johannessen meiner ein må satse, trass nedgangstider.

Vi ser føre oss ein lang oljehorisont då er prosjektet Snorre 2040 veldig aktuelt. For å vinne Snorre-oppdraget må vi bli meir effektive, ha gode prisar og vere konkurransedyktige. Vi har eit press på oss til å redusere prisane på mellom 10 og 20 prosent frå omtrent alle kundar.

At Malkenes i Miljøpartiet ber INC satse pengar på noko anna enn olje, kommenterer Johannessen slik:

– Det må han gjerne ønske. Vi må trygge vår forretningside vidare. Det er ingen som er i mot at vi skal få grøne skifte, men oljeindustrien er framleis ein industri som vil vere her i lang framtid. Eg ser ikkje noko grunn til at Florø og Sogn og Fjordane skal miste den aktiviteten.

– Kampen er tapt

Varaordførar Jan Henrik Nygård (V) var blant dei 12 som tapte kampen i bystyret mot utviding vestover. Han har i dag inga tru på omkamp.

Jan Henrik Nygård

TRUR IKKJE PÅ OMKAMP: Varaordførar Jan Henrik Nygård og Venstre tapte kampen mot bevaring av holmane vest for Fjord Base i bystyret. Han seier han aksepterer nederlaget.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har ikkje for vane å kaste oss på den typen omkampar. Det var stort fleirtal for dette. Eg kan ikkje sjå at det er kome nye moment, forutan at utsiktene ser litt annleis ut no. Men det er tydeleg at aktørane meiner noko anna. Då må ein akseptere det og heller vere litt optimistisk på deira vegne, meiner Nygård.

Særleg optimistisk er derimot ikkje Malkenes i Miljøpartiet. Han fryktar nye store areal kan bli bygde ut til inga nytte.

– Det ville vore det verste som kunne skje. At vi satsar storstilt på noko som er på veg ut. At det berre blir høyballar som rullar, som i ein gammal westernfilm.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.