Hopp til innhold

Basesjef har ikkje tru på forbod

Heller ikkje Dan Halvorsen har trua på eit forbod mot basehopping. Han har vore engasjert i problematikken både nasjonalt og internasjonalt i ei årrekkje. I staden for forbod meiner han den enkelte ekstremsportutøvar må ta ansvar sjølv.

Dan Halvorsen, basesjef for luftambulansen i Ål

MÅ TA ANSVAR SJØLVE: Dan Halvorsen, som er basesjef for luftambulansen i Ål, har ikkje trua på eit forbod mot basehopping.

Restriksjonar eller forbod mot basehopping er nett no eit heitt tema i Aurland. Berre sidan slutten av juli har tre menn mista livet i basehoppulukker i kommunen. Innbyggjarar og ordførar er blant dei som meiner noko må gjerast, og eit forbod blir trekt fram som ei mogleg løysing.

Tidlegare i dag høyrde vi politimeisteren i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilsen, som meiner at eit forbod mot basehopping er bortimot nyttelaust. Han handhevar sjølv eit forbod mot hopping i Trollveggen.

Heller ikkje basesjef for luftambulansen i Ål, Dan Halvorsen, har trua på eit forbod.

Som visepresident i IKAR, internasjonal kommisjon for alpin redningsteneste, har han vore engasjert i denne problematikken både nasjonalt og internasjonalt i ei årrekkje.

– Det er umogleg å handtere eit slik forbod. I staden må ein jobbe med haldningsendringar, og det må sporten sjølv ta fatt i, seier han til NRK.no.

– Det kan kanskje også bli endå kulare å vise fram stunta på sosiale medium, seier basesjefen som viser til at mange brukar nettet for å vise kva dei gjer.

– Det er noko vi ikkje kan leve med

Basehoppulukkene i Aurland har ført til vanskelege redningsaksjonar. Seinast i helga måtte redningsmannskap ta seg opp i bratt og vanskeleg terreng for å leite etter den sakna basehopparen.

Ordføraren i Aurland vil ikkje lenger utsetje redningsmannskapa for risikoen med farefulle redningsaksjonar. No vil han samarbeide med Justisdepartementet for å utarbeide restriksjonar.

– Når det skjer så mange ulukker som vi har sett i vår kommune no, er det noko vi ikkje kan leve med, har ordføraren slått fast.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

På halvannan månad har tre basehopparar omkomme i Aurland kommune. 
No vil ordføraren innføra restriksjonar.

SJÅ TV-SAK: I sommar har tre basehopparar mista livet i Aurland. No ynskjer innbyggjarane forbod mot ekstremsporten.

– Eigen tryggleik kjem først

Men basesjef for luftambulansen i Ål, Dan Halvorsen, er ikkje samd i at dei som driv risikosport utset redningsmannskap for risiko. Ei vurdering av risiko er det opp til redningsmannskapa å gjere i kvart enkelt tilfelle, seier han.

– Risikoen for redningsmannskapa blir vurdert av redningstenesta frå sak til sak. Det gjeld både dei som flyg redningshelikopter, luftambulansehelikopter og ikkje minst dei som gjer søk og redning på bakken.

– Vi har allereie eit prinsipp, vi går ikkje inn i redningssituasjonar som betyr risiko for eigne mannskap. Det kjem først, seier Halvorsen som i tillegg til jobben som basesjef er både fjellførar, tinderettleiar og frivillig i alpin redningsgruppe. Han driv sjølv med fjellklatring og isklatring.

– Tur etter emne

Han meiner prinsippet som må gjelde for alle, inkludert basehopparar, er enkelt. Tur etter evne.

– Det er ikkje alle forhold som er gode for verken bratt skikøyring, isklatring i fossar eller basehopping. Det finst plassar som er dårlege for det, og det finst vêrforhold som er dårlege for det, seier han og legg til.

– Kvar enkelt må vurdere kva som er gode forhold. Kva er tur etter evne. Og så tenkjer eg at dette må vere ei sak opp til den enkelte og familien deira om kor langt ein vil strekkje strikken, seier Halvorsen.

– Skal ikkje risikere livet

Han understrekar at redningsmannskap blir sett på prøve også i aksjonar som gjeld vanlege folk, til dømes jegerar og turfolk, som får problem i fjellet.

– Vi er oppe i steinura og hentar ned til dømes jegerar og turfolk. Vi flyg om natta og leitar etter andre folk i fjellet, i både bra og dårleg vêr. Men er det ugunstige forhold, kan vi måtte vente med å fly, eller bruke bakkemannskap. Den vurderinga blir gjort i kvart enkelt tilfelle, seier Halvorsen.

– Jobben blir gjort av profesjonelle folk og vi har eit prinsipp om at raske, friske redningsfolk ikkje skal ofre livet for å redde ein som heng i fjellet, som kanskje er død eller hardt skadd, seier han.

Han meiner det er sporten sjølv som må ta hovudansvaret for å unngå fleire tragiske ulukker innan basehopp i framtida.

– Eg meiner det er sporten sjølv som må ta tak, og det er eg heilt sikker på at dei gjer. Eg trur ikkje eit forbod løyser noko. Det handlar om opplæring og haldningar. Om vakne vegval og tryggleik i fokus, er den klare oppmodinga.