Hopp til innhold

Mann i 20-åra omkom under basehopping i Aurland

Ein basehoppar i 20-åra er stadfesta omkomen etter ei ulukke ved Skjerpi i Aurland.

Leiter etter sakna basehoppar i Aurland.

LEITEAKSJON: Helikopter, politi og Aurland Røde Kors medverkar i leiteaksjonen ved Skjerpi i Aurland.

Foto: Stine Larsen Ramsøy

Basehopparen vart meldt sakna klokka 1253. Basehopparen var lokalisert ein time seinare, og klokka 1545 blir basehopparen stadfesta omkomen.

Politiet opplyser søndag kveld at den omkomne er ein mann i 20-åra frå Norge.

– Vi har fått stadfesta at basehopparen har omkomen. Han er henta ned av luftambulansen i Førde og køyrt til sjukehus i Lærdal, stadfestar operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Uviss årsak

Omstenda kring ulukka er ukjende for politiet. Politiet opplyste tidlegare søndag at det var usikkert om skjermen til den sakna basehopparen løyste seg ut.

– Vi veit ikkje anna enn at han var saman med to andre basehopparar. Dei hoppa ut samstundes, og han kom ikkje fram som dei to andre. Det vart då iverksett ein redningsaksjon og han vart lokalisert etter ei stund, seier Hauge.

Luftambulansen og Aurland Røde Kors medverka i redningsaksjonen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein basehoppar er stadfesta omkomen etter ei ulukke ved Skjerpi i Aurland.

SJÅ: Video frå bergingsarbeidet i Aurland. (Foto: Stine Larsen Ramsøy/Redigering: Oddleif Løset/NRK)

Populær stad

Skjerpi er ein populær stad å drive basehopping. Fjellet Nebbet vert nytta til akkurat dette under Ekstresportveko på Voss.

– Det er ein kjempepopulær stad, som trekkjer hopparar frå heile verda. Det har vore nokre små hendingar, men aldri alvorlege ulukker, seier Wenche Søgnesand Hartveit som bur på Skjerpi. Ho såg dei to basehopparane lande.

– Det var først då helikopteret landa at eg forstod det hadde skjedd noko, seier ho.

– Det er eit frykteleg vanskeleg terreng å søkje i. Det er bratt og skogen står tett i tett. Eg ser helikopteret har vore opp fleire gonger å søkt. Dei har nok ein vanskeleg jobb, seier Hartveit.

Skjerpi, Aurland

SKJERPI: Ein basehoppar er sakna i Aurland.

Foto: Google Maps