Hopp til innhold

Basehoppar fekk problem under landing

Politiet har avhøyrt fleire vitne etter at ein mann i 20-åra omkom i den tragiske luftsportsulukka i Stryn fredag kveld.

Marsåhyrna ved Oppstrynsvatnet

MARSÅHYRNA: Det er fleire som driv luftsport frå Marsåhyrna ved Oppstrynsvatnet. Fjoller er kring 1.350 meter høgt. Hopparen som omkom fredag hoppa frå midt oppe i fjellet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Mannen omkom då han skulle lande ved Marsåsfossen etter eit hopp med vingdrakt frå fjelltoppen Marsåhyrna, kring 1.350 meter over Oppstrynsvatnet.

I tillegg til dei to som hoppa, venta ein tredje person ved landingsplassen på fylkesvegen.

– Den eine landa som normalt på fylkesvegen. Den andre løyste ut skjerm som normalt, men fekk problem og landa i vatnet, like ved land, opplyser tenestestadleiar for politiet i Stryn, Vidar Stavik.

Har video av svevet

Politiet meiner å ha ei god oversikt over hendinga, men veit førebels ikkje kva som gjekk gale under landinga.

Fleire vitne er allereie avhøyrde og politiet har teke hand om utstyret til den omkomne basehopparen. Dei har også ein video som viser delar av svevet, som Stavik håpar kan gi svar på kva som skjedde.

– Vi etterforskar for å finne svar. Vi skal undersøke utstyret, studere videoen og avhøyre dei to som var i følgjet, samt tre tilfeldig forbipasserande, seier Stavik.

Rosar innsatsen

Ulukka vart meldt politiet like over midnatt. Kring ein time seinare vart mannen stadfesta omkomen.

Naudetatane var på plass kring 15 minutt etter ulukka. Stavik rosar innsatsen til dei to som var ifølgje med den omkomne, og tilfeldig forbipasserande som hjelpte til.

– Det var bratt ned frå fylkesvegen til vatnet, men dei fekk han på land i løpet av fire-fem minutt og fekk i gang livreddande førstehjelp. Dei gjorde ein god jobb i førsteinstans for å prøve å berge livet hans, seier Stavik.

Blir følgde opp

Politiet opplyser at dei framleis jobbar med å varsle pårørande.

Stryn kommune har sett kriseteam etter ulukka. Både vitne og dei to som var ifølgje med den omkomne blir følgde opp av det psykososiale kriseteamet i kommunen.

– Dei får oppfølging frå helsepersonell og personell som er godt trena, og har kompetanse i høve til handtering av denne type ulukke. Dei får all hjelp dei vil ha behov for i løpet av dagen i dag, seier ordførar Sven Flo.