Hopp til innhold

– Ein får livet meir innpå seg

FØRDE (NRK): På aldersheimen lyser dei eldre opp når dei får babyar på besøk. No brer besøkstrenden om seg til fleire stader i landet.

Johanne Viken Sandnes og Aasmund Aase.

HYGGE: Johanne Viken Sandnes har starta konseptet besøksbaby i Førde. Målet er å bli kjent på tvers av generasjonar og lære av kvarandre.

Foto: Oda Elise Svelstad

– Eg trur alle får mykje ut av det. Vi har så godt av å vere med folk ifrå ulike delar av livslaupet, seier Johanne Viken Sandnes (36).

Inne på Førde Helsetun luktar det godt av klementin og julebakst. Nokre babyar kryp på golvet, medan andre er i mors famn eller trippar lett på fanget til dei eldre.

Livets sirkel

Ein gong i månaden sjekkar barselgruppa inn på aldersheimen i Førde. Initiativtakar Viken Sandnes seier målet er å spreie glede og samhald, og å redusere avstanden mellom generasjonane.

– Babyar snakkar eit universelt språk. Eit bø, eit smil eller ein latter og du har ein meiningsfull dialog med ein gong.

Besøksbaby på Førde Helsetun

BESØKSBABY: Ein av besøksbabyane som spreier glede ved sitt nærvær.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

88-åringen Øystein Lange synest det er veldig kjekt å få besøk.

Ein får jo livet meir innpå seg, for sjølv er ein jo blitt ganske gammal. Det blir på ein måte ein motvekt. Og det er veldig oppmuntrande å vere med dei små, seier han.

– Behovet er stort

Organisasjonen Livsglede for Eldre opplyser at det er mange sjukeheim rundt om i landet som ønskjer besøksbabyar.

– Ordninga med besøksbabyar har vore populært frå fyrste stund, og vi ser at behovet er stort og at etterspørselen er stor både frå foreldre og frå dei eldre, seier Stian Bakke, som er kommunikasjonsleiar i Livsglede for Eldre.

Han oppfordrar alle som har lyst til å vere frivillig til å ta kontakt med sitt lokale sjukeheim.

Øystein Lange og Førde Helsetun får besøk av besøksbaby

MEININGSFYLT: Øystein Lange saman med Ina Matre Nedberge og sønen hennar. Nedberge er glad for å gjere noko meiningsfullt for andre, og besøke nokon som tydeleg set pris på det.

Foto: Oda Elise Svelstad

Minna om levd liv

– Det er forsking som viser at syn, lyd og nærvær av ungar er opplivande og stimulerande på alle folk, men spesielt dei eldre, seier Turid Viken, fagsjukepleiar på Førde Helsetun.

Ho fortel at brukarane gler seg til møtet, og at dei blir kvikkare til sinns. Minne blir vekka til live og fører til ei blanding av glede og vemod.

– Dei blir minna om sine eigne levde liv, seier Turid Viken.

Oddlaug Solvik (81) er ein av dei som kjem i hug sine yngre dagar.

– Det er veldig koseleg med besøk. Det minner meg om då eg hadde små sjølv, seier ho.

LES OGSÅ: Dyr er som medisin for eldre: – De mest urolege blir rolege

Johanne Viken Sandnes og fagsjukepleiar Turid Viken

GLEDE: Johanne Viken Sandnes og fagsjukepleiar Turid Viken er fornøgde med ordninga.

Foto: Oda Elise Svelstad