Hopp til innhold

Barnevernssaka: Mor og barnevernsleiar gjekk i same klasse

Mora som er fråteken fire born i Naustdal, gjekk i same klasse og leverte oppgåver saman med barnevernsleiaren i kommunen. Naustdal kommune avviser inhabilitet.

 Mora som er fråteken fire born gjekk i same klasse som barnevernsleiaren

Her ser vi mora som er fråteken fire barn, framme til venstre på biletet. Til høgre framme ser vi barnevernsleiaren i Naustdal. Dei gjekk i same klasse og leverte oppgåve i lag ved studiet psykososialt arbeid for barn og unge i Førde.

Foto: Privat

I tidsrommet 2008 til 2010 gjekk mora og barnevernsleiaren i Naustdal på same deltidsstudiet om psykososialt arbeid for barn og unge ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei jobba saman på same studiegruppe. Saman med tre-fire andre studentar leverte mellom anna mora og barnevernsleiaren ei oppgåve i lag som det vart gjeve karakter på.

Eg trur søster mi har vorte behandla ekstra strengt nettopp for å unngå at barnevernsleiaren skal bli skulda for å behandle ei studievenninne mildt.

Inger Elisabeth Baunedal

Søster til mora, Inger Elisabeth Baunedal, stiller seg uforståande til at barnevernsleiaren skal vere habil i saka.

– Søster mi og barnevernsleiaren sat nesten alltid saman i undervisningstimane. Dei åt ofte lunsj saman, dei jobba saman under mindre gruppeoppgåver i klassen og dei jobba i same rettleiingsgruppe i to år, seier søstera.

Inger Elisabeth Baunedahl

Det er uforståeleg at ikkje barnevernsleiaren i Naustdal er inhabil i denne saka, seier Inger Elisabeth Baunedal, søster til mora som er fråteken fire born.

Foto: Bård Siem / NRK

Ho fryktar barnevernsleiaren har behandla søstera ekstra strengt nettopp for å unngå bli skulda for å behandle ei tidlegare studievenninne på ein mild måte.

Svekka tillit

Karna-Lise Bloch gjekk i same klasse som og leverte oppgåve saman med både mora og barnevernsleiaren. Også Bloch fryktar at mora har vorte ekstra hardt behandla av frykt for å bli skulda for å behandle studievenninna for mildt.

Det kom som eit sjokk på meg og er heilt ufatteleg barnevernsleiaren får jobbe med saka til den tidlegare studievenninna.

Karna-Lise Bloch

– Det blir lite profesjonelt å gå inn i ei slik rolle når ein har jobba så tett saman. Tilliten til barnevernet blir svekka når alt vi har lært på studiet blir snudd på hovudet i denne saka. Her er det etter mi meining gjort eit gedigent overtramp med dramatiske konsekvensar for heile familien, og særs for barna, seier Karna-Lise Bloch.

Bloch er også kollega med mora ved barneavdelinga på sjukehuset i Førde. Barnevernsleiaren stadfestar at ho gjekk i same klasse som mora og at dei leverte oppgåve saman. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka.

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, avviser påstandane om at mora er behandla ekstra strengt.

– Saka er handtert i samsvar med det handlingsmønster barnevernet skal følgje i akutte saker, seier han.

Karna-Lise bloch

Karna-Lise Bloch hadde gruppearbeid saman med barnevernsleiaren i Naustdal og mora som er fråteken fire born. Ho karakteriserer vedtaket om å ta frå mora borna som eit gedigent overtramp. Det kom som eit sjokk på Bloch at det var den tidlegare klassevenninna til mora og ho sjølv som har køyrd saka på vegner av barnevernet i Naustdal.

Foto: Bård Siem / NRK

Har fått tilbake eitt av fem barn

Det var i november i fjor at barnevernet i Naustdal, med den omtalte barnevernsleiaren i spissen, kom til huset til den tidlegare studievenninna.

Foreldra som er personleg kristne, er mistenkte for vald mot barna. Barna vart umiddelbart tekne ut av heimen og plasserte i ulike fosterheimar. Vedtaket vart stadfesta av fylkesnemnda for barnevernssaker.

Barnevernet si handtering av saka har ført til omfattande protestaksjonar både nasjonalt og internasjonalt. Foreldra har fått babyen sin attende, men dei fire andre barna er framleis i fosterheim. Saka er framleis under etterforsking.

Tette relasjonar i små kommunar

Retten la ikkje vekt på relasjonen mellom barnevernsleiaren og mora.

Øyvind Bang Olsen

Rådmann Øyvind Bang Olsen fortel at tingretten har vurdert barnevernsleiaren sin habilitet.

– Retten kjende til dette spørsmålet då saka var oppe i tingretten i mars. Retten la ikkje vekt på relasjonen mellom barnevernsleiaren og mora.

Men hadde det ikkje vore fornuftig av Naustdal kommune å få ein annan person til å sakshandsame dette for å sleppe spørsmål om inhabilitet?

– Myndigheitene som skal forvalte slike spørsmål tar stilling til det, så eg meiner dette er forsvarleg behandla, seier Bang Olsen.

Men viser ikkje denne saka at kommunar som Naustdal med i underkant av 3000 innbyggarar er for liten til å ha eit eige barnevern?

– Dei same relasjonane komme oppstått i kva som helst slags kommune. Vedkomande barnevernsleiar bur ikkje ein gong i Naustdal, seier rådmannen.

Øyvind Bang Olsen

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, ser ingen grunn til at barnevernsleiaren skal vere inhabil i saka.

Foto: Bård Siem

Usamd med rådmannen

Om foreldra skal få tilbake også dei fire andre barna, skal opp i fylkesnemnda for barnevernssaker i byrjinga av juni.

Familien sin advokat, Ragnhild Torgersen, fortel at ho ønskjer ikkje å prosedere saka i media, men at ho vel å uttale seg om barnevernsleiaren sin habilitet for å nyansere rådmannen i Naustdal sin kommentar.

– Det tingretten har sagt er at det kan reisast spørsmål om habiliteten til leiaren i barnevernet i Naustdal. Samtidig meiner retten at den eventuelle sakshandsamingsfeilen er reparert gjennom at saka er handsama i Fylkesnemnda for barnevernssaker. Essensen i dette er ikkje at retten meiner barnevernsleiaren er habil, men at den eventuelle feilen ikkje er gjeldande lenger, seier ho.

Må nærast vere søsken for å vere inhabil

Professor i juss, Jan Fridthjof Bernt, meiner lite tyder på at barnevernsleiaren er inhabil i lovens forstand.

– Ein kan bli inhabil dersom ein har eit veldig tett forhold til ein part i saka. Men då skal det vere eit forhold som er heilt på line med å dei aller næraste slektningar, ein brukar å seie nesten som ein bror eller ei søster. Det at ein har jobba mykje saman og har vore veldig gode vener i ein studiesituasjon vil ikkje skape inhabilitet, seier han.

Ein må nærast vere bror og søster for å bli kjend inhabil.

Jan Fridthjof Bernt

Stiller seg uforståande

Søster til mora, Inger Elisabeth Baunedal, meiner det er uforståeleg at ein nærmast må vere bror og søster for å bli kjend inhabil etter loven.

– Det må gjerast noko med lovverket, seier ho.