Hopp til innhold

Barnevernssaka i Naustdal til menneskerettsdomstolen

Advokat meiner barnevernets eigne dokument avslører sterke religiøse og kulturelle fordommar mot familien. No er barnevernssaka i Naustdal klaga inn for Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD).

Illustrasjonsfoto

STORT ENGASJEMENT: Barnevernssaka i Naustdal har ført til demonstrasjonar i heile verda. No er den klaga inn for EMD.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Det er avisa Dagen som tysdag melder at barnevernssaka no er klaga inn for EMD.

Roger Kiska

RELIGIØSE FORDOMMAR: Advokat Roger Kista ved Christian Legal Centre i London seier til avisa Dagen at saka er gjennomsyra av religiøse og kulturelle fordommar.

Foto: Rowan Gillson

Roger Kiska, som er advokaten til familien, hevdar barna blei fjerna frå foreldra av tre grunnar – ein uttalt og to implisitte. Dei implisitte er den pinsekristne trua til familien og farens rumenske opphav. Den eksplisitte er «ugrunna skuldingar om fysisk mishandling».

Utgangspunktet for klaga er at ein meiner norske styresmakter har krenka retten til familieliv i artikkel 8 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, skriv avisa.

Naustdal-saka er ei av åtte saker om norsk barnevern som skal opp for domstolen i Strasbourg.

Har vekt stort engasjement

Barnevernssaka vekte stor merksemd i Norge og utlandet. I fleire byar over heile verda blei det demonstrert mot det norske barnevernet.

Etter ein lang prosess blei barna ført tilbake til familien, og i fjor sommar tok det norsk-rumenske foreldreparet borna sine med seg til Romania. Like før skulestart kom beskjeden om at barna og familien vart buande i Romania.

Rettssaka i Norge er utsett

Sissel Kleiven, Ingrid Breistein, Ragnhild Torgersen

MØTTE IKKJE: Då saka mot foreldra skulle opp i Fjordane tingrett, blei aktor Sissel Kleiven og forsvararane Ingrid Breistein og Ragnhild Torgersen sittande mellom tomme stolar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Saka skulle opp i Fjordane tingrett 3. januar, men blei utsett då paret ikkje møtte opp. Tingretten slo fast at ekteparet ikkje har lovleg forfall frå rettssaka og vil finne ein ny dato.

Dersom det norsk-rumenske ekteparet ikkje møter til neste rettssak, kan Norge be Romania utlevere dei. Paret kan då bli varetektsfengsla mens dei ventar på at saka kjem opp.