NRK Meny
Normal

Barnevernssak skaper storm frå kristne miljø

Barnevernet har overteke barna i ein familie i Sunnfjord. Store, engelskspråklege kristne media kjem med sterk kritikk, og saka har ført til protestaksjonar i Europa.

Protest barnevernssak

PROTEST: Stor protestaksjon utanfor ein norsk ambassade i eit aust-europeisk land på laurdag.

Foto: Aksjonsgruppa si Facebook-gruppe

Foreldra er sikta for vald mot barna. Dei utanlandske media hevdar foreldra ikkje har gjort noko gale, og påstår dei har mista barna på grunn av kristen oppdraging.

Barnevernssaka har ført til sterke protestar i faren sitt heimland. Der er det oppretta både ei Facebook-gruppe med rundt 12.500 følgjarar, og ei nettbasert underskriftsaksjon til støtte for faren og den norske mora, med over 40.000 signaturar. Det førte også til protestar utanfor ein norsk ambassade i eit aust-europeisk land på laurdag.

Biletet som blir skapt internasjonalt og som fører til protestar, er ikkje korrekt.

Vebjørn Selbekk, avisa Dagen

– Sterkt kritikkverdig

Vebjørn Selbekk, ansvarleg redaktør i den kristne norske avisa Dagen, har gått djupt inn i saka. Han er sterkt kritisk til omtalen i utanlandske kristne medier.

– Det blir teikna eit bilete av saka og Norge generelt som eit land der foreldre blir fråtekne barna sine viss dei vil gje ungane sine ei kristen oppdraging. Det stemmer ikkje. Dei vidareformidlar rykte og inntrykk, utan å gå tungt inn i saka, meiner Selbekk.

Støttespelarar til familien, frå fleire land, meiner siktinga mot foreldra er bygd på feil grunnlag og reagerer på det dei oppfattar som eit overgrep mot ein familie.

Protest barnevernssak

STOR MERKSEMD: Mange som protesterte hadde noko dei ville sei til media.

Foto: Aksjonsgruppa si Facebook-gruppe

– Skeiv framstilling

Selbekk vil ikkje gå inn i detaljar om kvifor foreldra er fråtekne barna, men seier på generelt grunnlag at det ikkje er fordi dei gjev barna ein kristen oppvekst, slik dei utanlandske media hevdar.

Vebjørn Selbekk

REDAKTØR: Vebjørn Selbekk.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NPK

– Når ting blir framstilt så skreivt av kollegaar i kristne media i utlandet, meiner eg vi er nøydde til å seie frå og korrigere biletet. Difor har vi oversett artiklane våre til engelsk og spreier desse. Vi håpar det kan bidra til ein annan input når det gjeld dei feilaktige opplysningane som blir spreidde, seier Selbekk.

Skuldar Norge for å krenke foreldreretten

Foreldra sin advokat, Ragnhild Torgersen, ønskjer ikkje å kommentere saka.

Men det gjer politikarar i faren sitt heimland, som har gått ut i nasjonale mediar. Ein kristen grasrotorganisasjon i landet som arbeider med familiespørsmål, har skrive brev til den norske ambassadøren og skulda Norge for å krenke foreldreretten. Selbekk seier konkrete barnevernssaker er yttarst vanskeleg å omtale i det offentlege rom.

– Difor må vi anonymisere når vi skriv om det. Men undersøkingane vi har gjort, og samtalane vi har hatt, viser at biletet som blir skapt internasjonalt og som fører til protestar, ikkje er korrekt, seier redaktøren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser