Hopp til innhold

Barnevernet følgde ikkje born godt nok opp

Barnevernstenesta i Naustdal får kritikk.

Fylkesmannen har konkludert med at barnevernet i tida frå oktober 2015 til mai 2016 ikkje har følgt opp borna i samsvar med barnevernlova § 4‑5.

– Vi har ut over dette ikkje merknader til barnevernstenesta si handtering av saka, skriv seksjonsleiar sosial, Hanne Sæbø, ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Det er rein hemn

Fylkesmannen opna tilsyn etter at NRK Sogn og Fjordane fortalde om Stein Mortensbakke og kona som ikkje lenger fekk vere besøksheim etter at dei kritiserte barnevernet i Naustdal.

Kritikken var retta mot kommunen i samband med at ein norsk-rumensk familie vart fråteken fem små born.

– Dette er rein hemn frå barnevernet i Naustdal. Dei prøvar å målbinde folk slik at vi ikkje skal tore å setje spørsmålsteikn med korleis barnevernet jobbar, sa Mortensbakke

Avviste kritikk

Rådmannen i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, avviste at Mortensbakke vart utsett for hemn, og ville ovanfor NRK ikkje gå nærare inn på kva grunngjeving barnevernet brukte.

Fylkesmannen opna tilsynssak fordi dei var uroa for om oppseiinga av besøksheimen kunne føre til at borna ikkje fekk den hjelpa dei trengde.

– Vi har vurdert om barnevernstenesta følgde opp barna i tråd med lova. Vi har ikkje vurdert om det var rett eller feil å avslutte oppdragsavtalen med besøksheimen, skriv Sæbø.

Kan ikkje vurdere

Sæbø skriv at barnevernstenesta har mynde til å ta administrative avgjerder for å følgje opp eit enkeltvedtak om hjelpetiltak etter barnevernlova. Der barnevernet har gjort vedtak om besøksheim for eit barn, er avgjerda om kven som skal vere besøksheim døme på ei slik administrativ avgjerd.

Oppdragsavtalen mellom barnevernstenesta og besøksheimen er ein privatrettsleg avtale.

– Fylkesmannen har ikkje mynde til å avgjere tvistar knytt til avtaleforholdet. Slik vi forstår denne saka, skuldast avslutting av oppdragsavtalen forhold mellom kommunen og oppdragstakar. Derfor er spørsmålet om oppseiing av oppdragsavtalen ikkje del av tilsynssaka, skriv Sæbø.