NRK Meny
Normal

Barnevernet åtvarar Helse Førde

Helse Førde ser seg nøydde til å kutte 5,1 millionar kroner i budsjettet for barne- og ungdomspsykiatrien. Barnevernet åtvarar mot å leggje ned Familiehuset.

Familiehuset skilt

UVISSE: Familiehuset i Førde er eit viktig tilbod for born og unge med psykiske problem. No er institusjonen nedleggingstruga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Institusjonen der born med psykiske problem blir lagde inn saman med heile familien, står i fare når Helse Førde må gjere nye kutt.

I laurdagens Firda åtvarar barnevernskonsulent Jostein Grov mot nedlegging av tilbodet.

– Einaste grunngjeving vi har fått for eit slikt kutt, er å spare pengar. Men vi ser lite refleksjon over kva som skal komme i staden, seier han til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Kan bli slutt på familiehuset

SJÅ: Kan bli slutt på familiehuset.

Dårlegare tilbod

Både pårørande og fagfolk fryktar for tilbodet til psykisk sjuke born dersom kuttforslaga til Helse Førde går gjennom.

Leiar for barne- og ungdomspsykiatrien i Sogn og Fjordane, psykolog Liv Åse Dybdal, stadfestar at tilbodet vil bli dårlegare.

– Skal vi klare å gi eit tilbod innanfor dei rammene vi har fått, vil det bli eit redusert tilbod. Det vil også seie ei forringing av tilboda, seier ho til NRK.

Viktig for fylket

Jane Hesjedal, barnevernsleiar i Gulen, fortel til Frida at dei har brukt Familiehuset mykje sidan det vart oppretta i 1987.

Ho meiner tilbodet er svært viktig for eit fylke med spreidd busetnad og ulik kompetanse på fagområdet.

– Dessutan blir alt veldig gjennomsiktig på ein liten plass. Familiar som slit, har i mi erfaring hatt svært godt av å kunne reise til Førde og få jobbe med problema sine borte frå nærmiljøet, seier Hesjedal til avisa.

Vil også kutte stillingar

NRK har tidlegare omtala kutta, der det i tillegg til å leggje ned Familiehuset, er aktuelt å kutte minst åtte stillingar.

– Vi skal spare pengar på BUP-feltet. Her, som i vaksenpsykiatrien, er mesteparten av budsjettrammene løn. Større innsparingar vil difor også måtte gå utover stillingar, har klinikkdirektør Ole Christian Reusch fortald NRK.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen