Årsaka er at denne mannen liknar ein person som kyste fleire ungar i Førde i går.
Politiet fekk i går kveld meldingar om ein mann som skal ha kyssa fleire born i Førde. Dette er andre gongen på kort tid at politiet får slike meldingar.
- Det er ein mannsperson som har søkt nærkontakt med ungar i 10 - 12-årsalderen, fortel operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.
Kan vere same mann
Politiet utelukkar ikkje at det er same mannen som no er på ferde igjen. Men Bell i seier at dei ikkje kan seie dette sikkert enno.
Forrige gong politiet fekk melding om barnekyssing i Førde, nekta den melde personen for å ha stått bak kyssinga.