– Barnehuset i Sogn og Fjordane hadde ikkje vore mogleg utan politisamanslåing

– Opprettinga av eit barnehus i Sogn og Fjordane hadde ikkje vore mogleg om ikkje politidistrikta Hordaland og Sogn og Fjordane hadde blitt slått saman.

Barnehuset i Bergen

BYGGJER OPP NY AVDELING: Per i dag er det elleve barnehus i Norge. Frå hausten av får Sogn og Fjordane ei eiga avdeling.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det meiner visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ida Melboe Øystese.

Etter planen skal Sogn og Fjordane få sitt eige barnehus i haust, der barn kan bli avhøyrde om vald og overgrep.

Øystese meiner realiseringa av barnehuset er noko av det viktigaste som kjem ut av samanslåinga av politidistrikta.

– Barnehuset i Sogn og Fjordane blir ei underavdeling av barnehuset i Bergen, seier Øystese.

Treng lang erfaring

Ida Melboe Øystese

BARNEHUS: Ida Melboe Øystese er visepolitimeister i Vest politidistrikt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette hadde ikkje vore mogleg dersom vi ikkje hadde blitt Vest politidistrikt. Her brukar vi fagkompetansen som vi allereie har til å hjelpe barna i Sogn og Fjordane, slik at dei får kortare reiseveg når dei skal forklare seg for politiet, seier Øystese.

– Kvifor meiner du at dette ikkje hadde vore mogleg utan samanslåinga?

– Vi har få av dei ressursane som trengst både i Vest politidistrikt, men også i resten av landet. Dei som skal jobbe med avhøyr av barn treng lang erfaring og mykje trening for å verte gode på det.

– Skal få det beste tilbodet som er mogleg

Kommunane, KS, fylkeskommunen, politiet, Helse Førde, Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt og Statens barnehus i Bergen er blant aktørane som har engasjert seg i arbeidet med å få på plass eit eige barnehus i Sogn og Fjordane.

Alle har vore samde om at det er nødvendig med ei betre løysing for å sikre at avhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av overgrepsutsette barn kan skje i heimfylket.

Ifølgje Øystese har det vore ei bekymring at ein i Sogn og Fjordane ikkje har vore godt nok rusta til å fange opp barn som har blitt utsette for vald eller overgrep.

– Vi har få barn i forhold til tal innbyggjarar som er tekne avhøyr av. Det kan vere at politiet har funne færre saker, enn det som er reelt i verkelegheita.

Fram til no har barn måtte reise til barnehusa i anten Bergen eller Ålesund for å fortelje om opplevingane sine. For mange har den lange reisa blitt ei ekstra belastning, noko Melboe Øystese er glad barna no skal få sleppe.

– Når det er barna våre som er utsette for noko straffbart, ønskjer vi at dei skal få det beste tilbodet som er mogleg å få, seier Øystese.