NRK Meny
Normal

Barnehagestyraren: – Det er heilt uverkeleg å sjå

SOGNDAL (NRK): For barnehagestyrar Gunhild Holen vart det eit trist gjensyn med brannherja Stedjetunet måndag morgon. I dag er ingen av dei 68 ungane på plass i barnehagen.

Gunnhild Holen, styrar Stedje barnehage

TRIST: Gunnhild Holen, styrar ved Stedje barnehage, seier det er usikkert kor lang tid det tek før borna igjen får boltre seg utanfor Stedjetunet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

For 15 av Stedje barnehage sine 68 born kan det ta lang tid før dei igjen får leike i Kyrkjevegen 6.

Søndag kveld vart ei av barnehagen sine fire avdelingar slukt av flammar i storbrannen i Stedjetunet i Sogndal.

– Det er godt at det ikkje var folk i huset då det skjedde, seier Gunhild Holen.

– Eit trist syn

Barnehagestyraren har vanskar med å setje ord på inntrykka og synet av brannråka Stedjetunet. Like før klokka 19 søndag kveld gjekk brannalarmen i den over 100 år gamle bygningen.

Måndag morgon er bygget, som husar Stedje barnehage, arkitektkontor og kyrkjekontor, totalskadd.

– Det er eit trist syn, seier Holen.

Brann

TOTALSKADD: Stedjetunet vart bygt i 1905. Søndag kveld vart bygget totalskadd i brann.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Bygget er totalskadd

På det meste var over 50 personar i kamp med flammane, men slaget vart både krevjande og langvarig .

Måndag konstaterte fagleiar Elmer Sjøvoll i Sogn Brann og Redning at tredje etasje er nedbrent, andre etasje er brannskadd og første etasje har fått vasskade.

– Bygget er totalskadd, slår Sjøvoll fast.

Mange vart heime

Ordførar Jarle Aarvoll og fagleiar Elmer Sjøvoll i Sogn Brann og Redning.

DELTEK: Ordførar Jarle Aarvoll (t.v.) er mellom deltakarane når Stedje kyrkje opnar dørene måndag etter brannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ingen av barnehagen sine avdelingar er i drift måndag. Kommunen har i staden funne mellombelse lokale hos folkehøgskulen på Helgheim.

– Vi varsla alle foreldre i går og gav dei tilbod om å vere på folkehøgskulen, men mange løyste det på anna vis. Vi har berre ei lita gruppe med born der i dag, seier Holen og er ukjend med kor lenge barnehageborna må vere utan sine faste lokale.

Mange vil hjelpe

Etter brannen har fleire tilbode seg å stille opp. Holen har fått tilbod om lokale, arbeidshjelp og leikar.

– Det står ikkje på tilboda, men akkurat no er det vanskeleg å sortere kva vi treng. Vi vil nok trenge hjelp framover, og eg er ikkje i tvil om at vi skal få det til, seier Holen.

– Korleis er det å kjenne at lokalsamfunnet stiller slik opp?

– Det varmar veldig.

Opnar Stedje kyrkje

Sogndal kommune si kriseleiing, Stiftinga Stedjetunet som huseigar og Den norske kyrkja i Sogndal og Leikanger inviterer måndag kveld til open samling i Stedje kyrkje.

Ordførar Jarle Aarvoll, politiet, skadestadsleiinga og Prosten i Sogn er mellom deltakarane.

– Det blir ei samling med informasjon om hendinga. I tillegg blir det lagt opp til at vi kan få møtast og vere saman for å dele opplevinga av dette tapet, skriv sokneprest i Stedje og Kaupanger, Kjell Olav Nordheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.