Hopp til innhold

Full dekning gir fleire val – no blir barnehagar meir spesialiserte

Full barnehagedekning har ført til større konkurranse om dei små og dermed fleire spesialiserte barnehagar.

Eva Jeanett Gunnes

TILBYR MYKJE FYSISK AKTIVITET: Dagleg leiar Eva Jeanett Gunnes for Naustdal Idrettsbarnehage seier dei satsar på at ungane skal bevege seg mykje i løpet av barnehagedagen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

I tettbygde strøk har det dukka opp både yogabarnehage og kunstbarnehage. I Naustdal satsar dei på fysisk fostring med idrettsbarnehage.

I ballbingen går ballen frå ein liten fot til ein anna. Det er leik, men og fullt alvor. For i Naustdal Idrettsbarnehage har dei eit spesielt fokus på fysisk aktivitet.

– Vi har eit ekstra fokus på bevegelse og kosthald. Vi er ein ordinær barnehage, men med kokk og hall i bygget blir det ekstra fokus på det, seier dagleg leiar Eva Jeanett Gunnes for Naustdal Idrettsbarnehage.

Foreldra har fleire val

Auka konkurranse om dei små fører til nye tilbod fleire stadar. Dagleg leiar Eva Jeanett Gunnes forklarer framveksten av dei spesialiserte barnehagane slik:

– Det handlar mykje om at vi har full barnehagedekning og at foreldra kan velje. Vi ser også at foreldre i større grad har tankar og idear om korleis dei ønskjer at borna skal utvikle seg. Dei kan velje til dømes estetiske fag eller fysisk aktivitet, seier ho.

Lars Ove Nistad frå Førde fortel at han kunne vurdert spesialisert barnehage for eigne born.

– Det kunne eg vurdert. No er det til dømes snakk om fotball-SFO på det nye anlegget på Hafstad-parken i Førde. Slike tilbod er interessante om ungane likar det, seier han.

Er positiv til utviklinga

Aud Marie Stundal

FLEIRE VAL: Instituttleiar Aud Marie Stundal ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier foreldra no i større grad kan velje kva slags barnehage dei vil ha.

Instituttleiar Aud Marie Stundal for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane opplever spesialiseringa innan barnehagane som ei naturleg utvikling

– Det handlar om at vi har fått full barnehagedekning. Ungane i Norge har krav og rett på barnehageplass. Det betyr at det er ein ny situasjon der foreldra tenkjer dei kan velje. Og når det val, vil dei vurdere ut frå dei vala som finst. Eg tenkjer dette er ei naturleg samfunnsutvikling.

Eva Jeanett Gunnes er ikkje uroa for at dei spesialiserte barnehagane kjem til å forsterka sosiale skilnadar.

– Det tykkjer eg ikkje. Vi har eit veldig bevisst forhold til det og fokus på det motsette. Når det gjeld kosthaldet, får alle borna frukost, lunsj og ettermiddagsmat. Dermed vil alle borna få det same utgangspunktet.

Kan vere utjamnande sosialt

Stundal er samd i dette og seier barnehagane kan vere sosialt utjamnande.

– Har du foreldre som ikkje er interesserte i musikk eller sport, vil det vere bra at dei møter dette i barnehagen.

Men ho legg vekt på at generell kvalitet må ligga til grunn for all barnehagedrift.

– Eg ser på dette som eit kvalitetsstempel, men med klar føresetnad om ein generell god kvalitet og oppfyller krava i rammeplanen for barnehagen både når det gjeld omsorg, leik og læring og når det gjeld fagområda alle skal jobbe med.