Det er ikkje fødselsdagsfest i Vie barnehage i dag, men Marius, Maria og Sofie er i full gang med å lage suppe.
- Eg lagar tomatsuppe til mamma og pappa, seier eit av borna.
Svært aktive born
Tidleg i vår diskuterte personalet i barnehagen om dei skulle kutte ut kaka kvar gong eit barn i barnehagen har bursdag. Dette tok dei opp med foreldra, og tanken vart sett ut i livet. Målet er å redusere sukkerinntaket. For fleire av borna vart svært så aktive etter å ha feira bursdag med søte kaker i barnehagen.
- Eg er ikkje så veldig uroa over at borna skal få for lite kaker på bursdagen sin. Foreldre fortel at det blir minst to bursdagsfeiringar heime, så kaker blir det nok av, seier styrar Janka Vie Seljeseth.
Bursdagsbarnet meir i fokus
For å kompensere for manglande kaker har dei mellom anna kjøpt inn eit fint bursdagsbestikk med kopp og fat.
- Vi er ikkje heilt i mål, men vi skal setje bursdagsbarnet meir i fokus. Borna skal framleis få bursdagskrone, vi heiser flagg og no vil det komme ein del aktivitetar i tillegg, fortel ho.
Delte meiningar
Meiningane blant foreldra var delte, men fleirtalet av dei som svarte på eit spørjeskjema ønskte at barnehagen skulle gjere ei endring. Borna sjølve har ikkje vore med i diskusjonen enno, så no står det att å sjå kva dei seier når den første bursdagen skal feirast.
- Vi får sjå om dei saknar sjokoladekaka, geleen eller isen, seier ho.
Har eit ansvar
Janka Vie Seljeseth seier at det er viktig å fokusere på kosthaldet til borna, og at barnehagen har like stort ansvar som alle andre har.
- Vi vil ikkje melde oss ut av diskusjonen, men vere med på å få ned sukkerinntaket. Dette skal vere eit prøveprosjekt fram til sommaren. Vi skal ta med tilbakemeldingane frå ungane når vi skal evaluere tiltaket, seier ho.
Syltetøy er ut
Frå før har barnehagen bestemt at saft og syltetøy er ut.
- Vi har kutta ut syltetøy som pålegg, og vi drikk for det meste vatn eller melk. Vi har mykje meir frukt og grønt til måltida, så vi prøver så langt vi kan å påverke det daglege kosthaldet, seier ho.