Hopp til innhold

Barnefattigdomen aukar i 250 norske kommunar

FJALER (NRK): I over halvparten av norske kommunar aukar no talet på barn som lever under fattigdomsgrensa. For Oddgeir Walaker og dei fem borna hans er livssituasjonen vanskeleg.

Oddgeir Walaker

MED BARNA PÅ SOMMARLEIR: Oddgeir Walaker set pris på å få vere med på «Ferie for alle» saman med barna.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Vi møter Walaker på Hauglandsenteret i Fjaler. Her er hans fem barn og 100 andre barn og vaksne samla til Røde Kors sin «Ferie for alle». Eit tilbod til familiar med vanskeleg økonomi.

– Ein har jo lyst til reise på turar og finne på ting, men når ein prøvar å få endane til å møtast så går det ikkje. Det blir vanskeleg å gi ungane det du har lyst til, når du føler at du ikkje har råd. Det er sårt, seier Walaker.

I dag har Bufdir publisert dei nye tala for barnefattigdom i kommunane. Dei viser at talet på barn i familiar med vedvarande låginntekt auka i over halvparten av kommunane i landet i 2016.

Aukar i dei store byane

I om lag 250 kommunar auka barnefattigdomen, medan talet gjekk ned i om lag 140 kommunar.

Her kan du sjekke barnefattigdomstala i din kommune:

barnefattigdom sørnorge
barnefattigdom midtnorge
barnefattigdom nordnorge

– Vi ser at andelen av hushaldningar med vedvarande låginntekt aukar og det er store skilnader mellom kommunane og dei store byene. Tendensen er at det aukar mest i dei store byane, seier Solveig Valseth, seksjonssjef i Bufdir.

I dag lever kvart tiande born i Noreg i ein familie med vedvarande låginntekt.

Hovudstaden på topp

Oslo og Drammen ligg framleis på toppen av lista blant dei større kommunane, med størst andel barn som lever under fattigdomsgrensa. Dei nye tala viser også at det er store forskjellar innanfor Oslo.

Ifølgje Valseth er det ofte tre ulike grunnar til at ein hushaldning har vedvarande låg inntekt.

– Det er ofte familiar der foreldra manglar yrkestilknyting, familiar med einsleg forsørgar eller familiar der foreldra har låg utdanning. Barnefamiliar med innvandrarbakgrunn er overrepresentert og barn med innvandrarbakgrunn utgjer over halvparten av barna i låginntektsgruppen, seier Valseth.

– Fleire kommunar må søkje tilskot

Regjeringa har sett av nær 270 millionar kroner til ei nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Fleire kommunar burde søkje om midlar, seier Tom Erlend Skaug (H) statssekretær i Barne- og likestillingsdepartementet.

– Vi ser at det er mange kommunar som ikkje viser interesse for tilskotsordninga. Det burde fleire gjere. Det er viktig at politikarane lokalt er med å løfte dette temaet opp på agendaen.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er eit av tiltaka regjeringa satsar på i kampen mot barnefattigdom.

– Det viktigaste og mest effektive vi kan gjere er å sørgje for at fleire kjem i jobb. Arbeidsløyse er den viktigaste årsaka til lav inntekt over tid. Men her og no er det eit mål at flest mogleg barn skal kunne delta på ferie- og fritidsaktivitetar og idrett i lokalmiljøet, seier Skaug.

Ferie for alle på Hauglandssenteret

PÅ VATNET: Barna som får vere med på «Ferie for alle» får vere med på mange ulike aktivitetar.

Foto: Privat