Normal

Barnefamilie måtte gå over fjellet i tre timar etter bilhavari midt på natta

Familien på fire måtte gå over fjellet i tungt snøvêr i tre timar i natt for å få hjelp etter at bilen deira havarerte.

Denne bilen måtte hentast av bilbergar

IKKJE KØYRBAR: Det vart ein stri tørn for å få hjelp, men familien fekk omsider kontakta Førde Bilberging då bilen sklei rett i ein betongkant og slo hol i girkassa.

Foto: NRK -tipsar

– Vi var ikkje klar over at det var så glatt over fjellet. Det var mykje snø og så glatt at bilen berre slapp taket i ein sving, fortel sjåføren og familiefaren frå Bergen.

Han og familien på fire hadde vore ein tur til Høyanger. Rundt klokka 00.30 i natt var dei på veg over fjellet frå Vadheim til Yndestad i Fjaler. Det var 0-føre og mykje snø. Rett etter at dei hadde kryssa kommunegrensa til Fjaler mista han styringa på bilen.

Dramatisk

Her gjekk bilen i kanten

FLAKS: Det var denne betongkanten bilen trefte. Familien er glade det ikkje gjekk verre når vegen var så glatt som den var.

Foto: NRK -tipsar

– Eg ser at bilen slepp taket. Så ser eg eit stup på høgre sida som går om lag 20 meter ned mot vatnet. Eg vel då å prøve å korrigere bilen ved å gi litt gass og styre mot venstre for å kome inn på vegbana igjen.

Vidare fortel familiefaren at han klarte å rette opp bilen noko, men at han likevel sklei inn i ein betongkant. Der vart det hol i girkassa og bilen var ikkje lenger køyrbar.

Gjekk i tre timar

Etter at bilen mista straumen blei det fort kaldt i bilen. Heldigvis var ingen i bilen skada. Det viste seg at ingen hadde telefon som hadde dekning. Familien viste ikkje heilt kva dei skulle gjere.

– Vi hadde eit lite strategimøte oss imellom i bilen der. Det byrja å bli kaldt. Så vi valde til slutt å gå i samla flokk mot nærmaste hus for å finne hjelp, fortel sjåføren.

Det vart ingen kort gåtur. Familien gjekk i om lag tre timar, og kring 8 kilometer, før dei fekk fatt i nokon som kunne hjelpe dei.

– Det vart ein lang, våt og kald gåtur. Vi var ikkje kjende i området og var derfor usikre på når vi kunne finne hjelp, fortel han.

Laster kart, vennligst vent...

GLATT: Det var like ved Heldalsvatnet at bilen sklei utfor vegen.

Besøkte fleire gardar

Familien gjekk innom fleire gardar utan å klare å få tak i nokon som kunne hjelpe dei.

– Det verka som om folk sov så tungt at det var umogleg å få liv i dei. Vi måtte rett og slett gå vidare, seier han.

– Det var ingen god kjensle. Vi hadde trass alt med oss borna vore på 11 og 15 år. Eg kjende på ansvaret eg har for dei.

  • LES OGSÅ:

Fekk hjelp

Etter å ha vore innom fem hus kom dei til eit hus der dei fann folk. Ein kar som budde langs vegen lånte dei først telefonen, utan at det var til noka hjelp midt på natta.

– Han var veldig snill og køyrde oss til campingplassen på Yndestad Gard der vi er innlosjerte for tida, seier ein skaka familiefar.

Vegopning på Bergum i Førde kommune