Hopp til innhold

Barnebarn «lurte» Astrup-ekspert

– Eg har mala fleire Astrup-bilete enn det som har dukka opp no, seier Nikolai Astrup Geelmuyden (82).

Nikolai Astrup Geelmuyden (Montasje)

KOPIERTE BESTEFAREN: Nikolai Astrup Geelmuyden fortel han malte biletet då han var 16–17 år gammal.

Foto: Eldgrim Fossheim

For om lag 66 år sidan var den då 16 år gamle Nikolai Astrup Geelmuyden på besøk i Jølster.

Han er heilt sikker på at det er han sjølv som har måla biletet som dukka opp i eit dødsbu i Jølster for kort tid sidan.

– Eg hadde ikkje greie på kunst og var sjølvlært. Då eg kom til Jølster budde eg der bestefar hadde budd. Det var ein som besøkte oss og som lurte på om eg kunne male eit bilete etter bestefar. Og det gjorde eg, fortel han til NRK.no.

Malte med penslane til bestefaren

Biletet har ei seinare tid skapt stort oppstyr. Både arvingar og kjøparen av dødsbuet søkte advokathjelp etter at kunstekspertar meinte at verket kunne vere ein original av Nikolai Astrup (1880-1928), og dermed verd fleire millionar kroner.

No viser det seg at biletet er ein god kopi av det kjende Astrup-måleriet "Den store priselden byggjast". Så god at ekspertar let seg lure. Dette forbausar Geelmuyden som i dag som sjølv er ein anerkjent kunstnar.

– Eg var vel 16–17 år gammal og dreiv og malte litt. Lerret hadde eg fått av Engel Astrup, bestemor mi. Malinga og penslane var bestefar sine. Eg malte det biletet som no har dukka opp. Han som fekk biletet den gongen ville nok fortalt andre dersom det var ein original.

– Kva tenkjer du om oppstyret som har vore no?

– Det er så lenge sidan at eg ikkje heilt hugsar korleis biletet ser ut. Men eg tykkjer ekspertane burde vore forsiktige når dei uttaler seg.

– Du har tydelegvis gjort ein god jobb sidan ekspertar har sagt det kan vere ekte?

– Ja dei seier det er Astrup på sitt beste, då stussar eg. Eg tykkjer det som har skjedd er dumt. Anna Østenstad som etterkvart hadde biletet hos seg, visste at det ikkje var ekte. Det sa ho også til folk som spurte, seier han.

Laga fleire kopiar

Og det kan hende det dukkar opp fleire bilete som den unge Geelmuyden ein gong malte.

– Eg har laga fleire kopiar, for eg berre malte eg. Det kan henge fleire av mine maleri rundt omkring.

(Artikkelen held fram under intervjuet med Nikolai Astrup Geelmuyden)

– Eg har måla fleire Astrup-bilete enn det som har dukka opp no, seier Nikolai Astrup Geelmuyden (82).

HØYR INTERVJUET: Nikolai Astrup Geelmuyden fortel at han måla fleire kopiar av bestefaren sine bilete. Dette biletet er teke i fjor sommar då Nikolai Astrup Geelmuyden var på besøk i Jølster. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK

Tykkjer det er pinleg

Ein av dei som var rimeleg sikker på at biletet var ekte, er Astrup-kjennar og kunstekspert Øystein Loge. Han omtala biletet som «Ein Astrup på sitt beste».

– Slikt skjer jo av og til at kunsthistorikar blir lurt. Han har vore veldig flink i denne kopien. Eg får berre gratulere, det er slik med kopistar at jo flinkare dei er, jo verre er det å oppdage, seier Loge.

Han håper Nikolai Astrup Geelmuyden vil prøve å spore opp kopiane han har laga og signere dei.

– Den store feilen han har gjort er å ikkje skrive på sin signatur. Eg håper at dei andre bileta finst slik at han skrive på signaturen sin.

– Du var ganske bestemt på at dette var eit ekte bilete?

– Det var fordi det ikkje var ein tru kopi, men hadde visse avvik. Desse avvika likna veldig på Astrup sin stil, forklarar Loge.

– Tykkjer du dette er pinleg?

– Ja, det er jo klart det. Eg visste ikkje at barnebarnet var i stand til å leve seg så godt inn i ein annan sin stil.