Hopp til innhold

Teken i mot som ei filmstjerne

Då Dokfilm-festivalen i Volda skulle plukke ut filmar for born, falt valet på Klart eg kan og Lukas.

Lukas Endal Andersson

FILMSTJERNE: Lukas ønskjer å danse ballett, og fortel om det i TV-serien Klart eg kan. Det likte publikum å sjå.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Barne-TV-serien Klart eg kan var eit naturleg val då Den norske dokumentarfilmfestivalen (Dokfilm) i Volda skulle syne fram filmar for born denne helga. Episoden om 6 år gamle Lukas som trenar ballett falt i god smak.

Dokfilm er ein av dei fremste dokumentarfestivalane i landet, og har mellom anna eit eige barne-program. Her får barn og vaksne sjå filmar som er tilpassa eit ungt publikum.

Publikum under Dokfilm i Volda

I GOD SMAK: Publikum likte det dei fekk sjå av Klart eg kan.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Lukas vart teken i mot litt som ei filmstjerne blant borna. Dei hadde mange spørsmål til han om korleis det var å bli filma, og om hobbyane hans.

Det fortel prosjektleiar for TV-serien i NRK, Stian Sjursen Takle. Han deltok på festivalen saman med Lukas for å fortelje om korleis serien blir til.

Populær serie

Klart eg kan 6

SKAPAREN: Eva Westvik står bak TV-serien Klart eg kan.

Foto: Øystein Torheim

Programskapar Eva Westvik har hausta mykje hyllest for både denne og tidlegare TV-seriar.

Publikum likte det dei såg, fortel Sjursen Takle.

Stolte og glade

– Det var fleire, både born og vaksne, som retta opp handa berre for å seie at dei likte filmen. Det var veldig kjekt. Vi er veldig stolte av Klart eg kan. Og set stor pris på at publikum likar det.

Thorvald Nilsen

PLUKKA UT: Programansvarleg Thorvald Nilsen valte ut Klart eg kan til Dokfilm.

Foto: Pressefoto

Programansvarleg for festivalen, Thorvald Nilsen, fortel at Klart eg kan vart plukka ut blant ei rekkje andre kandidatar.

– Vi valte denne filmen fordi vi likte den svært godt. Både filmen og Lukas var sjarmerande. Forteljinga var gjort på ei fin måte, som gjorde at vi kom tett på Lukas.

– Eg spurte etter filmen om publikum hadde likt den. Og det fekk eg eit unisont ”ja” på. Og så var det ein ekstra bonus at hovudpersonen sjølv var i salen. Publikum var veldig begeistra over det.