NRK Meny
Normal

Barne-TV-Asgeir laga fest for prisvinnarane

Familien Øvrebø har det meste i hagen sin. Også ei heimesnikra piratskute med eiga røykmaskin, som stakk av med sigeren i «Barnas trepris». Det måtte feirast på skikkeleg vis!

Asgeir Borgermoen besøkte familien Øvrebø på Skei

Du har kanskje lagt merke til hagen når du har køyrt forbi Indrebø på Skei? Mummihus, piratskute, dam og badebasseng, rett og slett eit eldorado, særleg for barna.

Og no har også hagen blitt lagt merke til utanfrå. Camilla Øvrebø og familien på fem vann i år «Barnas trepris», som blir delt ut av industribedrifta Bergene Holm AS. Målet med prisen er å inspirere til bygging.

– Vi bygde båten sommaren for to år sidan. Til vinteren begynte vi å planlegge leikestove, og då Jardar ville ha den i blå, tenkte eg på Mummihuset, fortel Øvrebø.

Til ære for bestefar

Familien Øvrebø vann Barnas trepris for piratskute

VANN PRIS: Camilla Øvrebø (til venstre) saman med mannen Torbjørn Feldt, borna Jon Anders (13), Jardar (5) og Jørgen (1), og Asgeir Borgemoen og Tone Bente Bergene Holm.

Foto: Bergene Holm AS

Då ho googla landa på bloggen til Bergene Holm sin blogg, for der var det også eit Mummihus.

– Eg rådførte meg ein del med far min som var snikkar, og han gav seg ikkje på at vi måtte melde på båten. Han døydde av kreft i august, og då tenkte at eg at eg måtte melde på båten slik eg hadde lova. Så då sende vi inn nokre bilete.

I april fekk familien beskjed om at dei var trekt ut som vinnar blant dei sju finalistane, og har vunne 10 000 kroner.

– Eg må seie eg var rimeleg overraska, for eg hadde gløymt det heilt, seier Øvrebø.

Hagefest med Asgeir

Det er sjuande gongen inspirasjonsprisen blir delt ut av, men aldri før hadde Bergene Holm opplevd at vinnaren har invitert både barnehage og skule til markeringa.

Mummihus på Skei

MUMMIHUS: Dette har familien bygd heilt sjølv.

Foto: Bergene Holm AS

Heile barnehagen til Jardar (5) blei invitert, totalt 26 barn. Og i tillegg inviterte dei alle klassekameratane til Jon Anders i 7. klasse på Skei skule. Til saman var dei rundt 50 personar i hagen.

Besøkte frå Bergene Holm stilte med grillmat, leikar og T-skjorter, og ikkje minst tidlegare barne-TV-stjerne Asgeir Borgemoen, som er beskyttar av prisen.

– Dei eldste hugsa litt frå tida hans i barne-TV. Han er jo veldig artig, så det blei full prat mellom han og ungane med ein gong. Det å få Asgeir for seg sjølv i nokre timar, det var nok stas, seier Øvrebø.

Det er rett nok ikkje første gongen at det er liv i denne hagen.

– Vi har ofte mange ungar på besøk, og er sjølv mykje ute. Det var ikkje slik vi hadde det, vi var meir ute i skogen og i trea. Men det er ikkje så mykje tre her, så vi måtte lage til eit eller anna, seier Øvrebø.

Så står det att å sjå kva som dukkar opp i hagen neste gong ...