Hopp til innhold

Barne- og ungdomspsykiater: – Mobilen er eit skarpladd våpen

LUSTER (NRK): Fleire saker om uvettig nettbruk blir melde til politiet, fortel regionslensmann Arne Johannessen.

Surfer på mobil

UNGE: Mange får mobiltelefon med netttilgang og kamera i tidlig alder. Foreldre må vere klar over kva det inneber, meiner psykiater Tore Hågård.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

På Luster ungdomsskule har dei opplevd fleire situasjonar der ungdommar har vore slemme med kvarandre på appar og sosiale medium etter skulestart.

– Det kan vere at ein får meldingar eller frekke kommentarar som sårar deg. Men gjerne er ikkje andre klar over at det sårar, fortel Marte som er elev i tiande klasse.

Dei fekk besøk av politiet på skulen for å snakke om nettmobbing.

– Då politiet fortalde at barnevern og foreldre kunne bli involvert, så skjønte vi konsekvensane meir, seier Marte.

Det er slett ikkje unikt for Luster at ungdommar opplever ubehagelege situasjonar på mobil eller internett.

Regionslensmann i Indre Sogn, Arne Johannessen, fortel at dei har merka auke på førespurnader frå bekymra foreldre, lærarar og ungdom.

Ungdom ved Luster Ungdomsskule

ELEVAR: Det blir så skjult at vaksne ikkje får det med seg, seier elevane ved Luster ungdomsskule om mobbing på nett.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Negativ utvikling

Medietilsynet si Barn og Medier-undersøking viser at ein av fire ungdommar har opplevd at nokon har vore slemme med dei på spel, nett eller mobil i løpet av det siste året.

I Luster var politiet med på å løyse konfliktane med nettmobbing. Politiet har ei viktig oppgåve med å spreie informasjon, meiner Johannessen.

– Vi må snakke om den nye trenden, og ikkje minst om konsekvensar. Dei unge tek ikkje alltid inn over seg kor alvorleg det er for dei som er utsette for mobbing på nett.

– Mobilen er eit skarpladd våpen

Psykiater Tore Hågård

EKSPERT: Tore Hågård er barne- og ungdomspsykiater. Dei unge han jobbar med fortel om stygg språkbruk og kommentarar i sosiale media.

Foto: Sigrid Skjerdal

Det er ein kjend samanheng mellom mobbing og angst, depresjon og generell mistrivsel, fortel barne- og ungdomspsykiater Tore Hågård.

– Frå barn og unge vi jobbar med får vi høyre at det er mykje uthenging, negativ kommentering og språkbruk, seier Hågård.

Han meiner foreldre må snakke med barna om nettbruk frå dei er små.

– For eit barn med eit barns vurderingsevne og impulskontroll, er mobilen med kamera og nettilgang eit skarpladd våpen overfor andre. Det tek eitt sekund å ta eit bilde i dusjen, og tre sekund å sende ei negativ melding på Snapchat. Foreldre har ansvar for å vere merksame på at dette går føre seg over alt og heile tida.

Foreldre på nett

I Luster har skulen rådd foreldra til å følgje med på nettverk som Jodel for å få med seg kva som skjer.

– Det er jo litt løge. Ein tenker jo at det er noko vi vil ha for seg sjølv, at dei kanskje ikkje skal blande seg inn i akkurat det, er ungdommane einige om.

Dei trur det blir viktig å informere om konsekvensane av nettmobbing på nett på skulen og heime.

Snakkar de med foreldra dykkar om nettmobbing?

– Nei, vi veit jo kva konsekvensane er. Og dei har ikkje så mykje peiling på sosiale medium og slikt, slår dei fast.

Rektor Kristin Vee ved Luster ungdomsskule stadfester at det har vore episodar med nettmobbing blant elevane. Ho seier dei har merka betring etter at politiet var på skulen for å snakke om nettmobbing.