Hopp til innhold

Heller handballskule enn haustferie

Kvifor ha fri når ein kan ha full fres? Ungane på handballskulen i Førde vil helst springe rundt og score mål i ferien.

39 ungar var denne veka samla i Førdehallen for å gå på handballskule i haustferien.

FART OG MORO: På handballskulen i Førdehallen er det full fres, fart og moro for dei 39 barna i alderen 6 til 12 år. FOTO/REDIGERING: Tor-Erik Humlen/Hibba Sarmadawy

Å sove lenge og slappe heilt av kan ofte vere freistande når ein har haustferie og skulefri.

I Førdehallen vrimlar det av ungar som let ferie vere ferie. Dei 39 ungane som er samla til dyst vil heller gå på handballskule enn å ha heilt fri.

  • SJÅ VIDEO ØVST I SAKA!
Handballskule i Førdehallen

OPPROP: Handballskuledagen byrjar med at ungane blir ropt opp og registrert.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Før skuledagen kan starte, er det tid for opprop. Instruktørane har nok med å halde ro på ein gjeng viltre ungar som helst berre vil setje i gang og springe ut på bana.

Ungane er mellom 6 og 12 år og frå forskjellige stader i fylket. Alle er samla med eitt mål for auge: Å bli betre i handball.

Men her er det ikkje alvor og konkurranseinstinkt som er viktigast på vegen mot målet. Det er også viktig å ha det kjekt og bli kjent med dei andre ungane på handballskulen.

– Mykje betre enn å sitje heime

Vilje Sande på ni år er ein av dei mange ungane som spring energisk rundt på handballbana. Til vanleg spelar ho handball heime i Dale i Sunnfjord, og har spelt handball i eit par år allereie.

Vilje på handballskulen

KJEKKARE ENN FERIE: Vilje på ni år synst det er kjekt å bruke haustferien på handballskulen.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Den unge handballspelaren syntest det var meir freistande å bruke ferien på å springe rundt og kaste ball enn å ha fri.

- Det er mykje betre enn å sitje heime og spele data og kjede seg!

Vilje, ni år

Vilje synst at det beste med handballskulen er at ho får vere i aktivitet. Ho har ikkje vore med på handballskulen i Førde før, men seier det freistar til gjentaking:

– Handballskulen er veldig gøy, så eg vil prøve det ein gong til!

Kjekt å treffe nye vener

Maika på handballskulen

ELSKAR HANDBALL: Handballskulen i Førdehallen er midt i blinken for Maika på tolv år. Ho elskar handball, og blir alltid glad når ho scorar mål.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Ei jente i rosa skjorte står i mål når det er straffekonkurranse. Keeperen er Maika Jørgensen på tolv år, som elskar å spele handball.

Difor var handballskulen midt i blinken for ho.

Ho seier at handballskulen er ein flott plass for å møte nye folk samtidig som ein held seg i aktivitet og har det gøy.

Maika har spelt handball i to år, og er dermed ikkje nokon nybegynnar i sporten.

I løpet av dei tre dagane har ho vist fram skotarma si fleire gongar, noko som har resultert i fleire mål.

– Det er veldig gøy å score mål, og eg blir veldig glad av det, seier tolvåringen.

– Vi veit jo heile tida at vi tapar ...

Mange av ungane i Førdehallen har aldri vore på handballskulen før, sjølv om den har blitt arrangert fleire gongar dei siste åra. Ein av dei som har vore med før, er Sivert Høyvik på sju år.

Sivert på handballskule

STÅR PÅ UANSETT: Sjølv om det kan vere vanskeleg å spele mot større ungar, gir Sivert på sju år jernet på bana.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Han synst det er kjekt å få leike leikar, og liker spesielt flaggleiken.

Sivert liker også å spele handballkamp, men innrømmer at det av og til kan vere vanskeleg å spele kampar mot dei eldste ungane.

Han gir likevel alt han har når han kjem ut på bana, uansett om motspelarane er større eller eldre enn han sjølv.

Ein av tinga ungane lærer på handballskulen, er at det er viktig å vere kompis på bana. Derfor er det ikkje nokon øyredøyvande jubel å høyre når ballen går i nettet.

- Det går jo heilt greit, men vi veit jo heile tida at vi tapar

Sivert, sju år

Har gode tips til det andre laget

Handballskule i Førdehallen 2

MÅLVAKTA MAIKA: Maika står i mål når dei andre på handballskulen øver seg på å treffe i nettet.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Vilje meiner ein skal vere glad når ein scorar mål, men at det ikkje er bra å bli sint på keeperen.

– Så da viser vi det ikkje så masse, sånn, "jess, vi vant!", seier Vilje.

Ho har også mange gode tips til kva ein heller kan seie til motspelarane:

– Bra jobba, godt gjort, dokker jobba bra, men vi vann!