Hopp til innhold

Barn utsett for overgrep må reise i fleire timar hit for å få hjelp

SOGNDAL (NRK): I time etter time må overgreps- og valdsutsette barn frå Sogn og Fjordane reise til anten Bergen eller Ålesund for å bli avhøyrde om det som har skjedd. No er det nok, meiner polititopp.

Barnehuset i Bergen

BARNEHUS: Det er oppretta 11 barnehus i landet. Ved barnehusa har dei ekstra kunnskap om korleis ein avhøyrer barn.

Foto: Even Nordheim Johansen

Regionlensmann Arne Johannessen har sett seg lei på at barn som er utsette for vald og overgrep må reise i fleire timar til Bergen eller Ålesund for å bli avhøyrde.

På to veker har Sogn politidistrikt hatt fem overgrepssaker under etterforsking. I fjor etterforska dei over 100 saker der barn var involverte.

Barn har rett til å bli avhøyrde på Statens barnehus, der dei som jobbar har ekstra kunnskap om korleis ein avhøyrer barn.

Barn som er involverte i valds- og overgrepssaker i Sogn og Fjordane må difor reise mange timar til Bergen eller Ålesund, der barnehusa ligg, for å få følgt opp saka si.

– Barna må hentast på skule, i barnehage eller heime. Så må dei transporterast til Bergen for å sitte i avhøyr i fleire timar, og køyrast i retur. Det er ei stor tilleggsbelastning for barna, seier regionslensmann Arne Johannessen.

No etterlyser han ein eigen filial av Statens barnehus i Sogn og Fjordane.

Arne Johannessen

REGIONLENSMANN: Arne Johannessen fortel at dei brukar mykje ressursar på å frakte barn til barnehuset i Bergen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Barna kan få 14 timarsdagar for å bli avhøyrde

Statens barnehus finn du i elleve byar rundt i landet. Snart tolv, etter at det nyleg vart vedteke at også Finnmark skal ha eit eige Statens barnehus.

Regionlensmannen meiner reisevegen i dag er unødig lang.

Nokre dagar tek det 14 timar frå barna reiser med politi og tillitsperson, til dei er heime att.

– Nordland har no fått ein ekstra filial under Bodø, i Mosjøen. Når Finnmark sitt også kjem på plass, er det openbart for meg at Sogn og Fjordane står for tur, seier Johannessen.

Ikkje urimeleg at Sogn og Fjordane er neste

Justis- og beredskapsdepartementet avgjer kvar barnehusa skal ligge. Justisministeren fortel at prøveprosjektet i Nordland kan vere døropnar for at Sogn og Fjordane kan få ei avdeling.

– I løpet av hausten 2017 skal vi evaluere prosjektet i Mosjøen. Før vi etablerer fleire underavdelingar, må vi vere sikre på at tilbod til barna i slik modell er like godt som på barnehusa vi har i dag, seier justisminister Per Willy Amundsen.

Han skjønar godt at regionlensmannen i indre Sogn ynskjer seg ei eiga avdeling i Sogn og Fjordane, gjerne under leiing av barnehuset i Bergen.

Det er ikkje utenkeleg at Sogn og Fjordane med dei lange reiseavstandane er nestemann på lista om prosjektet i Mosjøen går bra, seier justisministeren.

– Det er ikkje ei urimeleg vurdering. Eg har forståing for at det også her er lange reisetider. Vi ser jo at det er til barna sitt beste at dei ikkje har lang reisetid, så difor må vi vurdere å opprette tilsvarande tilbod andre plassar i landet.

Per-Willy Trudvang Amundsen (Frp) overtar som justis- og beredskapsminister.

JUSTISMINISTER: Per Willy Amundsen og justisdepartementet vedtok i januar at Finnmark skal få si eiga avdeling. Det er ikkje utenkeleg at Sogn og Fjordane også får sin eigen avdeling etter kvart, seier justisministeren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix