Hopp til innhold

Barn med TV på rommet blir tjukkare

Barn med TV på soverommet sitt er meir utsette for fedme. Det viser ein studie gjort av doktorgradsstipendiat Hege Kristiansen. Ho er spent på korleis nettbrett og mobilar vil påverke barna si vektutvikling.

Jente med TV-kontroll.

TV PÅ ROMMET: Studien Hege Kristiansen har vore med på viste at halvparten av barna hadde TV på soverommet. Det slår uheldig ut for vektutviklinga.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

– Vi veit at det å sitje passiv er ein eigen risiko, seier Kristiansen.

Under forskingsdagane i Førde i dag la ho fram funna frå sin studie om barn og fedme. Tala viser at landet over er det mellom 15 og 20 prosent av barna som er overvektige eller lir av fedme.

Kristiansen seier norske barn sin BMI har auka kraftig dei siste 30 åra, men at den har vore rimeleg stabil dei siste ti åra.

– Det med å ete usunt, det med å vere lite i aktivitet, og det med mykje tid framfor tv og data er uheldig, seier ho om faktorane som spelar inn på utviklinga.

Halvparten har TV på rommet

Spesielt dette med stillesitting har Kristiansen sett nærare på. Tal samla inn fram mot 2006 viser at barn som har tv på rommet har større fare for å utvikle høg BMI.

Hege Kristiansen

DOKTORGRADSSTIPENDIAT: Hege Kristiansen har sett nærare på barn og fedme.

Foto: Stein Aase / NRK

– Det som overraska meg var å sjå kor mange barn som faktisk har tv på rommet sitt. Over halvparten av barna har tv på soverommet, noko som var framand for meg. Eg såg for meg at dette var noko vi såg i USA, seier ho.

Dei siste åra har utviklinga av digitale dingsar gått i rekordfart, og no har svært mange barn både nettbrett og mobiltelefon tilgjengeleg store delar av døgnet. Kristiansen er spent på korleis dette vil påverke den vidare utviklinga.

Ho seier det er fleire faktorar knytt til TV-sjåinga som påverkar vektutviklinga.

– Det eine er at dei er utsette for reklame for usunn mat, og at kosthaldet deira kan påverkast på den måten. Det er derimot mindre sikkert at TV-sjåinga fortrenger tid til fysisk aktivitet.

– Men ein veit at det å sitje passiv er ein eigen risiko. Berre det at dei ikkje gjer noko anna er faktisk farleg for desse barna, seier Kristiansen.

– Det viktigaste er ein sunn livsstil

Av studien går det også fram at det å ete uregelmessig er ein klar risikofaktor for å utvikle overvekt og fedme.

Kristiansen har dette rådet å gje til foreldre med barn som har BMI over det anbefalte.

– Det vil heilt klart vere avhengig av barnet sitt alder. Ein må snakke med barnet sitt, og det viktigaste er ein sunn livsstil.

– Har ein eit barn som lever sunt og er i mykje aktivitet, har lite tid framfor skjermen og eter sunt, så ville eg i mindre grad vore uroa for BMI-en, seier ho.