Barn blir trua med juling

Elevar på ein barneskule Florø har blitt trua med bank dersom dei ikkje naskar i butikkar.

Florø Barneskole

UROA: Skulen og politiet i Florø er uroa over korleis skuleelevar truar og utfordrar kvarandre.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Onsdag var politiet på plass på Florø barneskole for å snakke med elevane i fleire klassar på mellomtrinnet, melder Firdaposten. Politiet var på plass for å snakke om munnbruk, mobbing, tjuveri og utfordringar på oppfordring frå skulen.

I eit skriv frå skulen, som avisa har fått tilgang til, blir det vist til fleire utfordringar som elevar skal ha fått andre elevar på skulen til å utføre:

  • Halde pusten til dei svimar
  • Ete noko som ikkje er mat
  • Nasking og steling i butikkar

– Skremmande

Politisjef i Florø, Wenke Hope, meiner hendingane på skulen må ta slutt.

– Det er naturlegvis ikkje bra, og det er jo skremmande for dei som blir utsett for truslane og som ikkje torer å seie imot eller la vere å gjere det dei blir lokka og trua til, seier Hope til NRK.

Wenke Hope

SNAKKA MED ELEVANE: Politisjef i Florø, Wenke Hope, snakka med barneskuleelevane i Florø.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Elevar kjem med utfordringar til medelevar. Det er også nokon som seier at dei blir trua med bank. Andre blir trua at det skal gjerast noko med hunden deira.

Straffbare handlingar

Hope seier dei no set i verk tiltak for å få slutt på desse utfordringane. Ikkje minst dei som er direkte straffbare som naskeri, skadeverk og truslar.

– Vi snakka også litt om korleis det er å bli utsett for slike truslar og kva som kan bli konsekvensane om dei blir tatt for naskeri i butikkane.

Skulen har no i samarbeid med politiet laga ein strategi der elevane blir oppmoda om å gje beskjed dersom noko slikt skjer igjen.

– Foreldre må snakke med barna

Skulen har i samarbeid med politiet laga ein strategi der elevane blir oppmoda om å gje beskjed til ein vaksen dersom noko slikt skjer igjen.

– Vi trenger foreldra med på laget. Dei må vite kva barna gjer på fritida og i sosiale medium, og snakke med dei om kva som er greitt og ikkje, seier rektor Marianne Nødset.

Ho seier skulen er engstelege for kva påverknad elevane har på kvarandre.

– Vi blir bekymra når elevar utfordrar kvarandre med ting som kan vere farlege og få konsekvensar.

NRK har vore i kontakt med FAU-leiaren ved skulen, Arild Brandshaug, som seier utvalet vil ta opp hendingane i eit møte.

  • I ein tidlegare utgave av denne artikkelen stod det at eldre elevar skal ha utsett yngre elevar for desse utfordringane. Det viste seg å ikkje stemme, og NRK har retta opp feila.
Florø Barneskole - rektor Marianne Nødset

SNAKK MED BARNA: – Vi ønskjer at alle foreldre snakkar med barna sine om dette, seier rektor ved Florø barneskule, Marianne Nødset.

Foto: Ola Weel Skram / NRK