Hopp til innhold

Fryktar at sjukehuskamp på Sunnmøre kan øydeleggje sentralsjukehuset i Førde

Påtroppande fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, fryktar at sjukehusforkjemparar på Sunnmøre skal øydeleggje tilboda ved sentralsjukehuset i Førde. I kveld barkar kamphanane i sjukehuskampen saman under eit møte i Volda.

Lars Svein Drabløs

FRYKTAR FRAMTIDA: Påtroppande Frp-fylkesleiar Lars Sven Drabløs fryktar striden om Volda sjukehus kan få konsekvensar for Helse Førde.

Foto: arkiv / NRK

– Eg er oppteken av at vi skal ha eit godt sjukehus i Førde, der dei har både akuttfunksjonar og kvinneklinikk. Om dette blir utvatna og nokon vel å gå nordover, så har vi ikkje det tilbodet lenger. Då er alternativa Bergen eller Ålesund, med dei ulempene dei vil ha, seier Drabløs til NRK.

I kveld er han med på eit ope møte i Volda, der politikarar og representantar for dei ulike gruppene av sjukehusforkjemparar kjem til å barke i hop med svært ulike synspunkt på sjukehusstrukturen på Nord-Vestlandet.

– Uforståeleg

For medan søre Sunnmøre står samla om Volda sjukehus, er nordfjordingane splitta om dei bør nytte Volda sjukehus eller sjukehuset i Førde.

Per Johan Ramsli

VOLDA-FORKJEMPAR: Per Johan Ramsli.

Foto: Trond Vestre / NRK

Leiar for sjukehusaksjonen i Volda, Per Johan Ramsli, stiller seg uforståande til at Drabløs i Framstegspartiet meiner at nordfjordingar ikkje skal bruke Volda.

– Det verkar jo litt uforståeleg på meg, vi har jo heile tida hatt fokus på å setje pasienten og pasienten sine rettar i sentrum, seier Ramsli.

– Langt ute på glattisen

Ein annan av Drabløs sine motstandarar er sjukehusaksjonisten Jan Eide frå Eid, han skal sjølv på møtet i kveld og legg ikkje skjul på at han er sterkt usamd med den komande Frp-leiaren.

– Drabløsen er langt ut på glattisen, eg forstår ikkje kva han held på med. Avstanden til Volda er mykje kortare. Det viktigaste for oss er nærleik, avstand og tid når det er eit alvorleg tilfelle i alle fall, seier Eide.

– Dei må gjerne slåst

Men Drabløs har ikkje tenkt å leggje seg flat for sjukehusaksjonistane sine argument for Nordfjord og Volda.

– Eg har ikkje lyst til å medverke til at vi kjem i den situasjonen at vi utvatnar sentralsjukehuset med dei funksjonane det har for folk i fylket. Folk i Volda må gjerne slåst for sitt sjukehus, men ikkje på kostnad av det vi har, slår Drabløs fast.